– Den er litt «cringe», seier Sebastian Sømme om latteremojien.
Det meiner fleire ungdommar NRK har snakka med. Mange brukar nesten aldri emojiar.
– Eg brukar det berre når eg snakkar med besteforeldra mine og med gamle folk, seier Maria Bøe (16).
– Eg brukar dei same som dei brukar sånn at dei skjønar kva eg meiner, seier Beatrice Pura (16).
Maria Bøe og Beatrice Pura pleier ikkje å bruka emojiar. Dersom dei gjer det, er det på ein ironisk måte.
Foto: Erik Waage / NRKMillenials blir «cancelled» på TikTok
Bruken av latteremojien har vore eit heitt tema på TikTok.
Mange brukarar frå generasjon z meiner at det berre er dei eldre som brukar latteremojien. Dei meiner at millenials må slutta å bruka den.
Det har gjort at mange millenials føler seg «trødd» på av dei yngre. Katharina Skaset (31) tok eit humoristisk opprør med dette.
I ein video på TikTok skriv ho: «Når du lærer at du må kvitte deg med sideskilen, tettsittande bukser og denne 😂 emojien for å halde deg ung».
«Når du lærer at du må kvitte deg med sideskilen, tettsittande bukser og latteremojien for å halde deg ung», skriv Katharina Skaset i ein video på TikTok.
– Det er rein humor frå mi side. Det starta med ein «cancelled»-kultur frå generasjon z si side på TikTok. Til slutt gjekk det så langt at me (millenials) begynte å «kødde» med kor mykje dei kansellerte, seier Skaset.
Å bli «cancelled» betyr å bli utestengt for noko, som ei meining.
Trur det er ein grineemoji
Emma Elkazevic og John Le meiner at mange eldre misforstår meininga med latteremojien.
– Mange brukar den som grinefjes, seier Le.
– Eg trur ikkje dei skjønner at det er nokon som grin av latter. Ein ven av familien brukte latteremojien til ein kondolansemelding, seier Elkazevic.
Trur misforståingar er grunnen
– Det er ein barriere å bruka emojiar, fordi dei er redde for at kommunikasjonen skal bli misforstått, seier Trine Ottosen.
Ho har skrive ei masteravhandling om emojiar. Der fant ho ut at det er stor forskjell i korleis emojiar blir oppfatta av ulike personar.
I forskinga til Trine Ottosen fant ho ut at denne emojien blir oppfatta ulikt.
Foto: Skjermdump– Eit eksempel er blunkefjesemojien. Han kan bli oppfatta som både flørtane, overlegen eller betrevitande.
Ottosen trur at ungdom er meir bevisst på at emojiane kan bli oppfatta ulikt, og at dette kan vera grunnen til at færre unge brukar emojiar.
Trine Ottosen jobbar som prosjektleiar i Ung Kultur i Sola kommune. Tidlegare har ho skrive ei mastergrad om emojiar.
Foto: PrivatHo trur at redselen for bli misforstått har blitt forsterka under pandemien.
– Ein møter folk i mindre grad. Dersom det blir ei misforståing på nett, må ein nå venta lenger med å møtas for å oppklara.