Hopp til innhold
Boligbygging
Foto: Øijord, Thomas Winje / NTB scanpix

Boligmarkedet

Oppsummert

Boligprisene i Norge måles av bransjeorganisasjonen Eiendom Norge, som presenterer boligprisstatistikk hver måned. Hvor mange boliger som omsettes, og for hvor mye, er viktige markører for tilstanden til norsk økonomi.

  • Oslo SV vil ha «folk i husan»

    Det bør innføres boplikt for byhytter eller sekundærboliger i Oslo, mener Oslo SV.

    Tidligere denne uka hørte vi at mange kjøper seg leilighet i byen for å bruke som hytte. Dette bidrar til å gjøre det vanskelig for folk å finne seg et sted å bo, mener Oslo SVs gruppeleder i bystyret, Ola Wolff Elvevold.

    – Vi vil snu alle steiner for å gjøre noe med boligprisene og leiemarkedet i Oslo, sier Elvevold.

    – I en stor by som Oslo, der mange har lyst til å bo, så har vi ikke råd til å ha en hel haug med leiligheter stående tomme. Hvis vi innfører boplikt, så innebærer det at hvis du eier ei byhytte i Oslo, så må du se til at den er utleid og at det er folk i husan, så å si, brorparten av året, sier Elvevold.

  • Kommunalministeren skal møte aktørar i leigemarknaden

    Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) skal fredag møte aktørar i utleigemarknaden for å drøfte utfordringane rundt færre bustader og høge prisar.

    Utfordringane har forsterka seg med studiestart og at prisane aukar generelt i samfunnet, skriv departementet i ei pressemelding.

    I løpet av dei siste tolv månadene har leigeprisane stige med 4,2 prosent, ifølge Eiendom Norges prisstatistikk for utleigebustader.

  • Lågaste sal av nye bustader sidan finanskrisa

    Det er bråstopp i sal og bygging av nye bustader i Noreg. Det viser bustadstatistikken for nybygging som blei presentert torsdag.

    – Boligprodusentene har ikkje målt lågare sal og igangsetting for juni månad sidan vi starta med månadlege registreringar i 2010, seier administrerande direktør i Boligprodusentene, Lars Joachim Hiim, i ei pressemelding.

    Han seier vi må tilbake til finanskrisa i 2008 og 2009 for å finne lågare tal for sal i andre kvartal.

  • Norsk studentorganisasjon uroa for auka leigeprisar

    Norsk studentorganisasjon (NSO) er uroa etter at leigeprisane har stige med 4,2 prosent det siste året, samtidig som det blir færre utleigebustader tilgjengeleg.

    – Prishoppet vil ser i utleigemarknaden, og mangelen på bustader gjer det vanskeleg for studentar å få bustad før studiestart, seier NSO-leiar Maika Marie Godal Dam til NTB.

    Ho seier dei fryktar studentar skal bli utkonkurrert av leigetakarar som er betre stilt økonomisk.

  • Oppgang i leigeprisane i andre kvartal

    Leigeprisane har stige med 4,2 prosent det siste året. For andre kvartal steig leigeprisane med 2,7 prosent i dei fire store byane.

    Det viser utleigestatistikken til Eiendom Norge.

    Stavanger og Sandes har hatt den sterkaste veksten med ein oppgang på 5,2 prosent, følgd av Oslo med 3,2 prosent og Trondheim med 3,1 prosent.

    Men i Bergen gjekk leigeprisane ned med 3,1 prosent, etter ein kraftig oppgang i første kvartal.

    Talet på bustader til leige på Finn.no i dei store byane ved utgangen av andre kvartal er 2191. Det er historisk lågt, ifølge administrerande direktør Henning Lauridsen i Eiendom Norge.

    – Vi har aldri tidlegare registrert eit så lågt tilbod av bustader til leige på Finn.no. I Oslo er tilbodet på eit urovekkande lågt nivå, noko som stemmer godt med skildringa av tilstanden i utleigemarknaden i august som har kome fram i media, seier han i ei pressemelding.

    Statistikken er eit samarbeid mellom Eiendom Norge, Eiendomsverdi, Finn og profesjonelle utleigeaktørar.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no