Hopp til innhold

Så mykje vart «cannabishuset» selt for

30 var med i bodrunden, stor interesse både frå innland og utland, ifølge BT.

Cannabisplantasje i Høyanger

Her avdekka politiet omfattande cannabisproduksjon. No er det mykje omtalte huset selt.

Foto: Politiet

Det vekte oppsikt då ei uvanleg bustadannonse hamna på Finn.no i januar i år. Om ein avsidesliggande einebustad med panoramautsikt i Høyanger, som har ei uvanleg historie.

«[ ...] store deler av huset innvendig er dekket av plast i forbindelse med innvendig ulovlig planteproduksjon» stod det i salsannonsen, ifølge VG.

Hausten 2021 vart huset kjøpt for 450.000 kroner av ei litauisk dame i 60-åra. Dette skulle vere et feriehus for henne og ektefellen, der dei kunne dra på fisketurar og male bilete.

Her fann politiet ein stor cannabisplantasje i Høyanger.

Her fann politiet ein stor cannabisplantasje i Høyanger. I vinter har huset vore lagt ut for sal.

Foto: Anne Lene Hansen / Ytre Sogn

Stor produksjon

NRK har tidlegare omtalt korleis huset i staden vart brukt til omfattande cannabisproduksjon.

Bebuarane i huset heldt ein låg profil og gjorde ikkje stort ut av seg, og vart i lokalsamfunnet skildra som stille og rolege.

Men innanfor veggane vart det dyrka cannabis i stor stil. I midten av februar 2022 beslagla politiet minst 15 kilo som var klart for sal.

I tillegg beslagla politiet nokre hundre stiklingar som var sett i dyrking.

Cannabisplantasje i Høyanger

Bebuarane gjekk raskt i gang med omfattande planting, som etter kvart vart avslørt.

Foto: Politiet

Politiet vurderte det som ein middels stor plantasje, med eit potensial på cannabisproduksjon til 5,4 millionar kroner.

To menn vart i Sogn og Fjordane tingrett dømt til fire års fengsel. Ei kvinne vart dømt til fire år og seks månadars fengsel for det same.

Over takst

Denne veka vart huset selt, etter at det har vore stor interesse rundt «cannabishuset».

– Det har vore 182 interessentar, og 30 var med i budrunden. Det trur eg aldri har skjedd i Høyanger før, seier advokat Ole Rune Døskeland i Fjordane Eiendomsmegling til BT.

Han forklarar det med at både norske og internasjonale aviser skreiv om hasjplantasjen, og at prisen er så låg.

I salsannonsen har det ikkje blitt lagt skjul på at det er mykje som må gjerast med huset. Romma er teipa igjen og alt er dekt av plast. I tillegg er det vasskadar og frostsprengde rør i huset.

Bustaden er på 161 kvadratmeter og hadde eit prisframlegg på 100.000 kroner, dermed er kvadratmeterprisen på rundt 621 kroner.

Til samanlikning ligg kvadratmeterprisen på bustader i Oslo på rundt 90.000 kroner.

Då visningen starta onsdag, var høgaste bod stege til 290.000 kroner, ifølge TV 2.

Så gjekk prisen enda meir opp, og den enda til slutt på 370.000 kroner.

Meklaren seier at to bodgivarar gav bod fram og tilbake før ein stod igjen .

– Det blir ein del å gjere, men det er overkommeleg for nokon som er nevenyttige, seier Døskeland til TV 2.

Hussal i Høyanger

Huset hadde ein takst på 100.000 kroner, men vart selt for over det tredobbelte.

Foto: Fjordane Eiendomsmegling