– Det er mange som treng ein plass å bu, og derfor vi legge til rette for at fleire kan leige ut. Vi ønsker fleire utleigebustader, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp).
I 2022 starta Kommunal- og distriktsdepartementet opp eit arbeid med ei stortingsmelding for å få meir heilskapleg bustadmarknad.
Fredag presenterte regjeringa bustadmeldinga. Der varslar ein mellom anna grep for å gjenreise Husbanken.
– Det er ei utfordring no at terskelen er høg for å komme seg inn på bustadmarknaden. Vi ønsker å bygge ned den terskelen. Målet til regjeringa er jo at fleire skal få ein trygg og god plass å bu, seier ministeren.
I meldinga har ein sett på både leige- og eigemarknaden.
– Vi vil føreslå endringar som gjer ordninga for husbanklån til utleigebustadar betre, seier Sande vidare.
– Vi vil auke bruken av tilvisingsavtalar, slik at kommunen får fleire utleigebustadar, vi vil redusere talet på konfliktar gjennom eit effektivt og kompetent husleigetvistutval og Husbanken skal få ei nasjonal fagrolle for leigemarknaden, som vil kome både myndigheitene og kommunane til gode.
Er det for vanskeleg å komme seg inn på bustadsmarknaden, også på bygda?
Fleire skal få startlån
Frå 1. juli i år vil regjeringa også sette i gang ei forsøksordning som skal setje Husbanken og kommunane i stand til å hjelpe endå fleire med å få startlån.
Husbanken får eit tydelegare mandat til å hjelpe førstegongskjøparar og dei som vil etablere seg i distrikta.
– Slik at det er fleire også i den gruppa som ikkje nødvendigvis er vanskelegstilt, men som likevel vil ha ein høg terskel for å komme seg inn på bustadmarknaden. Fleire av dei skal kunne ta i bruk dei ordningane, seier Erling Sande.
Han seier utfordringa er ulik i distrikta og i byane.
I distriktskommunane er det ofte slik at det krev mykje kapital å bygge eit hus. Men når huset er ferdig så har det kanskje ikkje den verdien som du har lagt i bygginga, fortel han.
– Det gjer det vanskeleg å få lån til å bygge det huset. Då kan startlån vere ein god reiskap inn der. I byane er det ofte hard kamp om hus og leilegheiter. Då er startlånet for ein del folk avgjerande.
I bustadmeldinga har departementet fire satsingsområde:
- Dei vil gjere det lettare for fleire å få kjøpt seg bustad.
- Leigemarknaden skal bli tryggare.
- Ein skal ta betre vare på husa.
- Vil hjelpe fleire til å få behalde bustadane sine.
Vil hjelpe fleire unge
Allereie kan kommunar i distriktet gi startlån til fleire ved å gjere unntak frå låneforskrifta. Men det blir lite brukt, ifølge departementet. Difor vil regjeringa endre på regelverket.
Siri Gåsemyr-Staalesen er bustadpolitisk talsperson for Arbeidarpartiet. Regjeringa har allereie styrka Husbanken.
No vil dei også hjelpe fleire unge i etablering.
– Vi veit at mange slit no med å kjøpe seg sin første bustad, fordi dei ikkje har foreldrebanken. De sparer opp til eigenkapital, men brukar opp pengane på husleige, og så spring bustadprisane frå dei, seier ho.
– Men det viktigaste er å sikre at situasjonen på bustadmarknaden blir betre i forhold til det som er dagens situasjon. Da handlar det om at vi får marknaden til å fungere. Det er vårt viktigaste verktøy, legg Siri Gåsemyr-Staalesen til.
Vil få i gang igjen byggeprosjekt
– Det er positivt at regjeringa slår ring om den norske bustadmodellen og fastslår at alle skal ha moglegheita til å eige sin egen bustad, seier administrerande direktør i Boligprodusentenes Forening, Lars Jacob Hiim.
– Meldinga gir mange gode signal, men må følgast opp med ressursar og konkrete tiltak for at dette skal føre til fleire nye bustader.
Ordførar i Tolga, Bjørnar Tollan Jordet (SV), seier dei er ei kommune med befolkningsvekst. Men utfordringa der er at det ikkje er nok bustadar å ta av.
– Det gjer at kommunen får ei større rolle i å utvikle nok tidsriktige bustader for dei som vil bu her. Vi ser at mange bustadar går utanfor det opne marknaden og vi får ikkje bygd nok.
– Startlån vil ikkje løyse det problemet, seier han.
Kommunal- og distriktsministeren meiner likevel at startlån-ordninga kan vere med på å få i gang igjen bustadbygginga. Også i byane.
– Det er høgt press på bustadmarknaden. Det er mange som har problem å komme inn. I tillegg har byggenæringa utfordringar. Det gjer at det blir bygd lite. Og desse tinga heng saman.
SV: – Det trengst sterkare lut
Kirsti Bergstø som er partileiar i SV seier bustadmarknaden har vore ute av kontroll lenge, og løysingane regjeringa kom med i dag ikkje nok.
– Det trengst sterkare lut. Vi trenger bygging av fleire utleigebustadar og vi trenger meir regulering av bustadmarknaden for å sikre at prisane ikkje held fram å vokse ukontrollert, seier ho.
Regjeringa presenterte og nokon tiltak for å sikre eit tryggare leigemarknad og sa dei ville sikre fleire trygge og billige studentbustader.
Oline Sæter, som er leiar i Norsk studentorganisasjon er skuffa og seier dette er for vagt. Sjølv om Regjeringa vil ha fleire studentbustadar, kom det lite konkrete tiltak som seier noko om dei kjem til å nå sitt eige mål om 3000 studentbustadar i året, seier ho.
– Luftige formuleringar utan konkrete tiltak sørger ikkje for at spaden blir sett i jorda og fleire studentbustader bygget, seier Oline Sæther, leder av Norsk Studentorganisasjon.
Tobias Drevland Lund, som er bustadpolitisk talsperson i Rødt støttar bustadmeldinga og seier startlån til fleire grupper er gode og viktige forslag.
Og legg til at ein bør bygge fleire bustader med regulerte prisar for å få kontroll over marknaden og sikre at fleire kan eige.