Hopp til innhold
To menn bærer vaskeutstyr i ruinene av en gate i Khan Yunis, sør i Gaza.
Foto: AFP

Den israelsk-palestinske konflikten

Oppsummert

Sidan 7. oktober 2023 har det herja krig mellom Hamas og Israel etter åtak frå Hamas. Krigen er ei eskalering i den langvarige konflikten. Laurdag 13. april angrep Iran Israel med dronar og missiler. Seks dagar seinare angrep Israel mål i Iran.

  • Palestinarar drepne av israelske soldatar på Vestbreidda

    Israelske soldatar skal ha drepe to palestinarar nord på den okkuperte Vestbreidda, melder Reuters. Ifølge det israelske forsvaret skal dei to ha kome køyrande i ein bil og opna eld mot ein militærpost utanfor Jenin.

    Soldatane skaut tilbake, og to menn blei drepne. To andre skal ha blitt skadde, men det er uklart kven dette er.

    Over 460 palestinarar er drepne av israelske soldatar og busettarar på Vestbreidda sidan Hamas-angrepet mot Israel 7. oktober.

  • Palestinarar skal delta i OL

    Fleire palestinske idrettsutøvarar skal delta i dei olympiske leikane i Paris i sommar, seier leiar Thomas Bach av den olympiske komiteen (IOC) til nyheitsbyrået AFP.

    Truleg vil 6–8 palestinarar delta. Bach seier òg at komiteen truleg vil invitere nokre av dei direkte, sjølv om dei ikkje har kvalifisert seg til å delta.

    Årets sommar-OL finn stad i Paris og byrjar 26. juli.

  • Hamas har mottatt våpenhvileforslag

    Hamas sier natt til lørdag at de har mottatt et våpenhvileforslag fra Israel og vil se på forslaget før de kommer med et svar.

    Flere medier sier at Israel ser på den seneste innsatsen for å få i stand en våpenhvile som en «siste sjanse» før et planlagt angrep på Rafah, lengst sør på Gazastripen, ved grensen til Egypt. (NTB)

  • Israel: Klare til å gi gisselforhandlingar ein «siste sjanse»

    Israel er klare til å gi gisselforhandlingar ein «siste sjanse» for å få til ein avtale med Hamas, før dei startar bakkeinvasjonen av Rafah.

    Det sa israelske tenestepersonar til sine egyptiske motpartar fredag, ifølge Axios, skriv nyheitsbyrået Reuters.

  • Over 50 drepne i Gaza siste døgn

    51 menneske er drepne og 75 er såra i israelske angrep på Gazastripa det siste døgnet, ifølge palestinske helsestyresmakter.

    Minst 34.356 palestinarar er drepne sidan krigen starta i oktober. Det er i snitt rundt 170 drepne om dagen.

    I tillegg er 77.368 menneske såra i angrepa, ifølge styresmaktene.

    Rundt 70 prosent av ofra er barn og kvinner.

Nyhetstips 03030

Er du der det skjer eller vet noe vi burde vite? Ta kontakt på 915 03030 eller 03030@nrk.no