Hopp til innhold

Obos dumpar prisane på nye bustader

Bustadbyggegiganten Obos har sett ned prisane på nye bustader fleire stader i landet. Ein bustadforskar trur fleire store aktørar no vil følgje etter.

Obos-sjef Daniel Siraj på Ulven i Oslo.

BYGGER: Obos-sjef Daniel Siraj peiker og forklarer om bustadbyggegiganten sine prosjekt på Ulven i Oslo. Trass nedgangstider, held Obos bustadbygginga oppe.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Salet av nye bustader var ikkje noko å rope hurra for i fjor.

Faktisk må ein tilbake til bankkrisa på tidleg 90-tal for få finne tilsvarande svake tal for nybustadmarknaden, ifølgje Boligprodusentene.

Høge prisar og renter har slått hardt for bransjen. Obos selde heile 44 prosent færre nye bustader i fjor, samanlikna med 2022.

No tek bustadbyggegiganten grep.

Les også Salget av nye boliger fortsetter å falle

Boligbyggingen flater ut og salget av nye boliger går tregt. Her bygges det boliger på Fornebu.

– Må korrigere ned

I prosjektet Lumanders Hage på Ensjø, blant anna, har dei no sett ned prisen på fleire ferdigstilte leilegheiter som står tomme.

Ei 111 kvadratmeter stor leilegheit kosta 11,34 millionar kroner tidlegare, men er no sett ned til 10,99 millionar kroner.

– Vi har gjort mindre justeringar i nokre prosjekt. Då marknaden var brennheit i 2021, så sette vi opp prisane på nokre bustader, og no ser vi at den prisen vi sette då, den får vi ikkje i dag. Då må vi korrigere ned, seier Siraj.

I januar i fjor hadde Obos uselde bustader for 13 milliardar kroner, har NRK tidlegare fortalt. Over eitt år seinare er reknestykket det same, forklarer Siraj.

– Det betyr at ein i blant må justere prisane, seier Siraj.

Obos-sjef Daniel Siraj inspirerer byggearbeidet på Ulven i Oslo.

MINDRE MARGINAR: Siraj meiner bransjen må belage seg på heilt andre marginar enn dei har blitt vane med dei seinare åra. Sjølv ser han føre seg at Obos så vidt vil tene pengar i år, og kanskje ikkje tene noko i 2025.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

– Kvifor har dokke ikkje gjort det før, for å få selt unna meir?

– Det er fordi vi fyller på med og bygger nye prosjekt, og sel ganske mange bustader...

– ... så det er difor de no set ned prisane?

– Ja, vi gjer det på nokre prosjekt, der prisane openbert ikkje er i takt med det marknaden er villige til å betale, seier Siraj.

Les også Full boligbrems: Obos har usolgte boliger for 13 milliarder

Daniel Kjørberg Siraj

– Venta på dette ei stund

Siraj vil ikkje talfeste kor mange bustader dei har sett ned prisane på, men seier det dreier seg om bustader over heile landet.

– Eg ser på dette med stor interesse. Eg kan vel seie at eg har venta på dette ei stund, seier samfunnsøkonom og bustadforskar Erling Røed Larsen.

– Trur du fleire aktørar no vil følge etter?

– Ja, eg trur det. For det første, fordi når Obos, som er ein kunnskapsrik og dyktig aktør, har endra anslaga på framtida, så er det grunn til det, og sannsynleg at andre kjem til same vurdering, seier Larsen.

Erling Røed Larsen, professor ved Handelshøyskolen BI

FØLGE ETTER: Sjeføkonom og bustadforskar Erling Røed Larsen trur fleire store bustadbyggarar vil følgje i Obos sine fotspor.

Foto: Johan B. Sættem

For som han nemner, så står valet mellom å få fart på salet no og setje ned prisen, eller å selje seinare til ein mogleg høgare pris.

Larsen minner også om at det for dei store bustadbyggarane er svært dyrt å bli sittande med mange ferdigbygde, tomme bustader:

  • Er prosjekta er finansierte med banklån, må dei betale dyre renter, utan at dei har særleg med inntekt.
  • Er det finansiert med eigenkapital, så er det eigenkapital som blir brukt utan at ein får særleg med inntekt.

– I tillegg er Obos ein stor aktør. Og måten dei oppfører seg på kan nærast tvinge andre til å følge etter. Dersom Obos senkar prisane, så vil det kunne påverke korleis innteningssituasjonen vil sjå ut for dei andre, seier Larsen.

– Dette er ein spennande effekt som høgst sannsynleg vil auke volumet i bustadmarknaden, og det er vi glade for.

Les også 97 prosent av nye boliger til salgs er leiligheter: – Ganske ekstremt

Bodø by sentrum

AKTUELT NÅ