Hopp til innhold

Stian og Merete har hatt to på visning på tre månader: – Det er heilt daudt

Stian Hogstvedt og Merete Øiestad har prøvd å selja huset sidan oktober. Ifølgje tal frå Eiendom Noreg har ikkje bustadmarknaden vore kaldare sidan 2017.

Boligsalg i Bergen

Hogstvedt og Øiestad slit med å bli kvitt huset etter at dei kjøpte ny bustad i august.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

– Det er kveldar me ligg og snakkar om kva me kan gjere, kva som er verste utfall.

Stian Hogstvedt er tilbake i huset han kjøpte saman med Merete Øiestad i 2016.

Då alle borna var flytta ut bestemde dei seg for å finna ein mindre bustad, passande for to.

Den fann dei – og kjøpte, i august.

I oktober la dei familiebustaden på Paradis i Bergen ut på marknaden.

Etter to månader med laber respons tok dei bustaden av marknaden.

– Det har vore nokon interessentar, men marknaden er heilt daud, seier Hogstvedt.

No har dei gått ned i pris, og prøver igjen.

– Det må jo berre ordna seg på eit vis, seier Øiestad.

Boligsalg i Bergen

No håpar paret dei får selt bustaden til ein akseptabel pris. – Då kan me pusta letta ut, seier Hogstvedt.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Svakaste vekst sidan 2017

Torsdag la Eiendom Noreg ut bustadprisstatistikken for desember og heile 2023.

Tala viser at bustadprisane steig med 0,5 prosent i Noreg i 2023.

Det er den svakaste veksten i bustadmarknaden sidan 2017, då bustadprisane falt med 1,1 prosent gjennom året.

I desember falt bustadprisane i Noreg med 0,9 prosent.

– Det er seld nesten like mange bustadar både i desember og i 2023 under eitt som i 2022. Bruktbustadmarknaden er påfallande stabilt trass i den moderate prisutviklinga, seier direktør Henning Lauridsen i Eiendom Noreg.

Grafen under viser bustadprisutvikling i prosent frå 2005 til 2023. Ikkje sidan 2017 har prisutviklinga vore så låg som ho var i fjor.

Sterkast utvikling i Stavanger

Det er i oljebyen Stavanger at prisveksten har vore størst i 2023. Der har bustadprisane stege med 5,4 prosent.

Like bak ligg Kristiansand som har hatt ein oppgang på 5,3 prosent.

Svakast utvikling har det vore i Porsgrunn og Skien med minus 3,4 prosent.

I tillegg har det gått dårleg i Bodø og Tromsø med ein nedgang på 3,2 og 2,9 prosent, viser tal frå Eiendom Noreg.

Henning Lauridsen, administrerende direktør i Eiendom Norge

Henning Lauridsen er administrerande direktør i Eiendom Noreg.

Foto: Vegar Erstad / NRK

Slik er prisutviklinga i dei største byane:

  • Bergen: Opp 0,7 prosent i 2023. Ned 1,0 prosent i desember.
  • Oslo: Opp 1,8 prosent i 2023. Ned 0,1 prosent i desember.
  • Trondheim: Ned 1,3 prosent i 2023. Ned 0,8 prosent i desember.
  • Stavanger og omland: Opp 5,3 prosent i 2023. Ned 2,5 prosent i desember.
  • Tromsø: Ned 2,9 prosent i 2023. Ned 0,9 prosent i desember.
  • Kristiansand: Opp 5,4 prosent i 2023. Ned 2,3 prosent i desember.

    Les også Sophie og Terje «tvunget» til å bo sammen: – Verdens lengste samlivsbrudd

    Terje Hongset og Sophie Kvam i et evigvarende samboerskap, for de får ikke solgt huset et år etter at de slo opp.

Spår prisauke i 2024

Mot slutten av desember kom Eiendom Noreg med sine spådommar for bustadmarknaden i 2024.

Dei trur på ein oppgang på 4 prosent. Spesielt i Oslo og Stavanger vil prisane auka, meiner dei.

– Eit godt lønnsoppgjer som gir reallønnsvekst neste år vil verka positivt på prisutviklinga. Det same gjer ventande rentenedsettingar, sa administrerande direktør Henning Lauridsen i desember.

DNB anslo same veke at bustadprisane skulle opp 2–3 prosent dette året. Dei viser til bustadmangel, rentekutt og økt etterspørsel.

Også Eiendom Noreg har peikt på mindre bustadbygging som ein viktig årsak til at bustadprisane vil auka.

Les også Setter opp renta nok en gang

Sentralbanksjef Ida Wolden Bache

Kan bli opphoping i januar

Normalt sett er januar ein betre månad for bustadsal enn desember. Det er godt nytt for ekteparet Hogstvedt Øiestad.

Likevel kan ikkje Marte Herje Strømme i Prognosesenteret lova betre tider denne januarmånaden.

– Det som kan skje er at det er ein opphoping av usolgte bustadar som vart tatt av marknaden i slutten av 2023. Om alle kjem ut igjen i januar kan det bli ein ubalanse mellom tilbod og etterspurnad.

Ho seier tal frå blant anna Eiendom Norge og Finn.no viser at det er omlag 15 000 usolgte bustadar i Noreg.

– Det er lov å håpa på ein januareffekt med eit sterkt marknad. Men det er klart at rentebelastninga er høg for dei som skal kjøpa og at kjøpsevna ikkje naudsyntvis er betre no enn den var før jul.

13 rentehopp på to år

Sentralbanken har dei siste to åra auka styringsrenta 14 gongar. Berre i løpet av 2023 gjekk renta frå 2,75 prosent til 4,50 prosent.

Kraftig prisvekst og svak krone er to viktige årsaker til at styringsrenta blir heva.

Seinast i midten av desember fortalde sentralbanksjef Ida Wolden Bache at renta skulle opp igjen. Den renteauken vil lånetakarar først merka i februar.

Noregs Bank har signalisert at det blir rentekutt hausten 2024.

Hei!

Har endringane i bustadprisane påverka deg eller nokon du kjenner? Gi meg ein lyd!