Hopp til innhold
Romsdal Tingrett sal 2
Foto: Roar Jonny Strom

Underslagssaka i Molde

Oppsummert

Ein mann i 70-åra er tiltalt for grov økonomisk utruskap. Mannen skal ha underslått over 2 millionar kroner for to selskap han var leiar for. Pengane skal ha gått til privat bruk.

  • Godtek dom

    Mannen som blei dømt for grov økonomisk utruskap mot Samspleis og Bjørnsonakademiet, godtek dommen frå tingretten. Det skriv Rbnett. Mannen vart dømt til eitt års fengsel, og varsla først at han ville anke, men har no ombestemt seg.

  • Dømt for økonomisk utruskap

    Ein tidlegare leiar for to selskap i Romsdal er dømt til fengsel i 1 år for grov økonomisk utruskap og økonomisk underslag. Seks av desse månadene blir gjort på vilkår, med ei prøvetid på to år. Mannen i 70-åra skal over ei periode på fleire år ha «lånt» pengar frå selskapa han var leiar for, og retten meiner at han dermed har tileigna seg kreditt utan at han hadde rett til dette. Retten vektlegg mellom anna at mannen har utnytta tilliten han har hatt som dagleg leiar. Delar av desse pengane blei betalt tilbake etter ei kort periode. I tillegg til fengselsstraffa må mannen også betale i overkant av 750.000 kroner i erstatning til eit av selskapa han var leiar for. Han erkjende ikkje straffskuld for tiltalen mot han under rettssaka i tingretten i mars.

  • – Påstanden er for streng

    Advokaten til den underslagstiltalte mannen i Molde, meiner påstanden til aktor om eitt år og to månader i fengsel er alt for streng. – Her har dei ikkje tatt nok omsyn til at det har gått lang tid før saka kom opp, mannens høge alder eller det sosiale tapet hans, seier advokat Roy Peder Kulblik til NRK. Mannen kjenner seg ikkje skuldig.

    Roy Peder Kulblik
    Foto: Silje Bjerknes / NRK
  • Påstand om eitt år og to månadar

    Aktor meiner at den underslagstiltalte mannen i Molde bør få fengsel i eitt år og to månadar. I tillegg skal han betale 755.000 kroner i erstatning til selskapet der han var dagleg leiar, melder Tidens krav. Tiltalte har vore gjennom fleire rundar med undersøkingar for å kunne fastslå om han var tilrekneleg. – Ifølgje dei sakkunnige er det ikkje tvil om at han er tilrekneleg, seier aktor Magne Nyborg. Mannen vil få noko strafferabatt på grunn av lang ventetid.

    Aktor Magne Nyborg og forsvarar Roy Peder Kulblik
    Foto: Silje Bjerknes / NRK