I dag begynte rettssaka mot tre menn i 20-, 30-, og 40-åra som er tiltalt for vald, trugslar, ran og å ha halde ei kvinne mot si vilje. Hendinga skal ha skjedd i januar då ho overnatta hos ein venn.
– Eg låg og sov. Så vakna av at dei tok kvelartak på meg. Dei kveler så hardt at eg ristar, fordi dei tar i, fortel kvinna i forklaringa si.
Dei skal ifølgje tiltalen ha stripsa henne fast, så skote henne i hovudet og høgre fot med ein gasspistol. Samstundes som de heldt ein kniv mot strupen hennar og kom med drapstrugslar.
– Eg var hundre prosent sikker på at eg ikkje ville overleve. Eg tør ikkje å gå ut åleine. Ein blir heilt handlingslamma, øydelagt. Livet er ikkje normalt lenger, forklarer den fornærma kvinna i retten.
Konflikten skal ha stått om pengar, og ifølgje tiltalen tok dei med seg to bankkort, kontantar og om lag 10 gram heroin som høyrde til kvinna. Dei involverte har tilknyting til rusmiljøet.
Kvinna forklarte seg i retten om hendingane som skal ha skjedd natt til 26. januar.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKHevdar seg truga på livet
Mennene er også tiltalt for å ha tvunge kvinna til å utføre seksuelle handlingar med seg sjølv. I tillegg forklarar ho at dei truga med å drepe henne både med overdose og bruk av pistolen. Dette er ifølgje aktor Magne Nyborg skikka til å framkalle alvorleg frykt.
– Vi ser veldig alvorleg på dette. Det er eit grovt ran slik påtalemakta ser det. Ho blei stripsa fast i mange timar før ho blei slept laus. Det er ein heilt horribel situasjon å vere i for eit menneske, seier aktor Magne Nyborg.
Handlingane skal ha skjedd i Kristiansund på nattetid, og tidleg om morgonen søkte ho hjelp hos ein offentleg institusjon i nærleiken, som varsla politiet. Ho blei deretter sendt til sjukehus med fleire fysiske skadar.
Dei tiltalte blei arrestert kort tid etterpå.
Politiet har tatt beslag i skytevåpenet, som skal vere ein gassdriven pistol som skyt gummikuler.
Magne Nyborg er statsadvokat og representerer påtalemakta i rettssaka.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRKErkjenner ikkje straffskuld
– Eg er ingen valdsmann. Eg følte eg blei pressa opp i dette, eg visste ikkje om at det skulle skje, forklarte ein av dei tiltalte i 30-åra. Han meinte han ikkje turte å gjere motstand overfor dei to andre mennene.
To av dei tre tiltalte nektar straffskuld, mens den siste har erkjent delvis straffskuld for ran.
– Min klient erkjenner straffskuld for det han har fått med seg, og om det har skjedd noko før eller etter veit han ikkje noko om, seier Tore Johan Sørland, forsvararen til den tiltalte i 40-åra.
– Eg oppfattar at det er mange lause trådar i denne saka, seier Sørland.
Mannen i 40-åra føler han har fått ei slags leiarrolle og at andre rottar seg saman mot han.
Han forklarte også i retten at han meiner det var mykje fantasi i kvinna si forklaring, mens han meiner forklaringa til den tiltalte i 30-åra manglar truverd.
Den tredje tiltalte ønskte ikkje å forklare seg i retten. Det er sett av tre dagar til saka i Møre og Romsdal tingrett.