I desember 2021 fann forbipasserande ein død mann ved ein carport i Ulsteinvik på Sunnmøre.
No står ein mann i 30-åra på tiltalebenken for aktlaust drap, fordi han ikkje ringde naudetatane.
I dag starta rettssaka i Møre og Romsdal tingrett, der det er sett av tre dagar til saka.
Foreldra til avdøde er blant dei som skal forklare seg for retten den første dagen.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKI tillegg til aktlaust drap er mannen i 30-åra tiltalt for å ikkje ha gjeve beskjed til politiet eller pårørande då han visste at mannen i 20-åra var død.
Det er denne siste posten i tiltalen, å ikkje ha gjeve beskjed om ein død person, mannen i 30-åra erkjenner seg skuldig, forklarte han då rettssaka starta.
Tiltalen for aktlaust drap, erkjenner han seg ikkje skuldig i.
Fleire av den avdøde sin familie møter i rettssalen, og foreldra til mannen skal vitne om mellom anna sonens rusproblematikk og om korleis dei ikkje fekk tak i han etter han forsvann.
Aktor Jogeir Nogva opna rettssaka med å orientere om det aktoratet meiner skjedde desembernatta i 2021 då ein mann i 20-åra mista livet. Bistandsadvokat Cecilie Langva representerer den avdøde sin familie, som er møtt opp i retten.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKFlytta død mann
Den avdøde var på besøk hos tiltalte då han tok tablettar som inneheldt det farlege stoffet etonitazepyn natt til 14. desember 2021.
Mannen i 20-åra skal ha segna om på badet og blitt liggande, utan at husverten skaffa hjelp. I avhøyr har tiltalte forklart at han prøvde gjenoppliving.
Gjesten døydde i leilegheita hans og skal seinare ha blitt flytta til carporten med ei tralle. Der vart han funnen på formiddag 16. desember.
Den avdøde skal også ha tatt overdose av same stoff han hadde kjøpt av tiltalte, berre få dagar tidlegare.
– Han har gjeve blaffen, rett og slett, i å redde son min
Faren til avdøde forklarte seg for retten den første dagen.
Han fortalde at sonen hadde gjeve beskjed til andre gjennom Messenger om dopet og åtvara om å ta dei, om dei hadde fått tablettar frå tiltalte, å han mistenkte at tablettane inneheldt fentanyl.
Då faren eit par dagar etter ei anna overdose ikkje hadde høyrd frå sonen på ei stund, tok han til å leite etter han saman med ein kompis av sonen.
Etter å ha banka på hjå fleire i miljøet, sto dei til slutt utanfor leilegheita til den no sikta mannen i 30-åra, som ifølgje faren nekta for at sonen hans var der.
Aktor spurde kva han følte då han seinare fekk vit på at sonen var i leilegheita han sto like utanfor.
– Det var absolutt sinne, svarar faren.
Han reiste seinare på politistasjonen for å melde mannen i 20-åra sakna.
– Det var kanskje ei pappakjensle då, av at noko var gale, seier faren.
Medan han var på politistasjonen fekk han vit på at der var funnen eit lik som kunne vere sonen.
– Eg vart knust, seier faren framfor retten.
Faren til den no døde mannen var ein av dei som forklarte seg for retten den første dagen. Biletet er frå ei tidlegare rettssak.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKPå spørsmål om kva faren tenkjer om at den tiltalte ikkje kontakta helsepersonell eller pårørande då mannen i 20-åra døde, svarte han raskt.
– Han har gjeve blaffen, rett og slett, i å redde son min.
– Eg beklagar
– Det er tungt å sitje her i dag og lytte til dei etterlatne. Eg beklagar so mykje for at det gjekk som det gjekk.
Slik opna den tiltalte mannen i 30-åra si tid i vitneboksen. Vidare fortel han om dagen avdøde kom til leilegheita hans for å kjøpe narkotika.
Mannen i 20-åra skal ha teke narkotikaen med ei sprøyte på badet, og so ha sovna der.
Sikta seier han fleire gongar prøvde å vekke mannen, ein gong ved å spyle han med kaldt vatn. Han fortel at han ein gong fekk kontakt og at mannen på golvet prata usamanhengande til han.
Gjennom dagen hadde sikta avtalar med både politiet og fastlegen og reiste til og frå leilegheita. Mannen på badegolvet låg der heile tida.
– Eg tenkte vel at han trengde meir tid til å sove det av seg, sa tiltalte.
– Det gjekk ikkje noko meir alarmklokker, spurde aktor.
– Nei, det gjorde diverre ikkje det.
Den tiltalte mannen svarte på dei fleste spørsmål at han ikkje hugsa mykje av det som skjedde desemberdagen i 2021, mellom anna fordi han seier han var svært rusa.
Aktor spurde ved fleire høve gjennom forklaringa om ikkje tiltalte tenkte det var lurt å ringje etter ambulanse då han såg kompisen liggje på badegolvet utan livsteikn.
– Eg skulle gjerne ha skrudd attende tida og gjort det, svarte mannen i 30-åra.
Har lenge vore rusfri
Reidar Andresen, som er forsvarar for mannen i 30-åra, seier tiltalte og avdøde hadde kjend kvarandre i fleire år, då dei var del av det same miljøet. Nokre gongar brukte dei narkotika saman.
Ifølgje forsvararen fekk tiltalte eit anna stoff enn det han bestilte på nettet, eit som var langt sterkare enn det han ynskja. Det skal berre ha blitt påvist ein gong tidlegare.
– Det er vel illustrerande at stoffet er ukjend for alle, seier Andresen framfor retten.
Tiltalte seier at han slutta med rus etter hendinga, og at han har vore rusfri sidan då.
Det er sett av tre dagar til rettssaka. Saka har ei strafferamme på seks år.