Hopp til innhold

Gråtande pasient i vitneboksen: – Eg skjønte ikkje kvifor han skulle massere niplane

Den unge kvinna hevdar ho måtte late som ho svima av for å få legen til å stoppe. Denne veka kan han bli dømt i retten.

Rettssak i Molde

Ein ung pasient seier ho fekk panikk under legebesøket og at ho ikkje forstod kvifor legen masserte brystvortene hennar.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Tysdag formiddag forklarte den unge kvinna seg om legebesøket i ein romsdalskommune hausten 2021. Det skjedde medan tårene trilla og med ei stemme som knapt kunne høyrast i rettsalen.

– Eg skjønte ikkje kvifor han skulle massere niplane. Eg spurte kva det hadde med ribbeinet å gjere, eg huskar ikkje kva han svarte på det, forklarte ho i retten medan ho tørka tårene.

Kledd i ein kvit genser og med håret hengande laust, forklarte ho at han brukte tomlane til å massere brystvortene hennar. Han skal også ha kommentert forma på brysta hennar og spurt om ho brukte å ta på seg sjølv. Legebesøket skal ha blitt avslutta med at han gav henne ein resept med mobilnummeret sitt skrive på, og spurte om å få køyre henne heim.

Legebesøket i ein romsdalskommune hausten 2021 blir denne veka behandla i Møre og Romsdal tingrett.

Påtalemakta meiner han har brote Helsepersonellova § 67, jmf § 4 og på Straffelova § 297.

Åtvara mot overgrepssaka i Bergen

Mannen sin forsvarar, Alexander Schimmelpfennig Nygaard, viste til den mykje omtalte overgrepssaka i Bergen, og åtvara retten mot å la seg påverke av den. Han bad også om at dei tre dommarane let vere å lese det som blir skrive om rettssaka i Møre og Romsdal tingrett denne veka.

– Nei, svarte den tidlegare legen då dommaren tysdag morgon spurte om han vedgår straffskuld.

Alexander Schimmelpfennig Nygaard

Alexander Schimmelpfennig Nygaard er forsvarar for den tidlegare legen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Kjende at han var opphissa

Den unge pasienten forklarte i retten tysdag formiddag at legen klemte henne, og at ho då kjende at han var seksuelt opphissa. Ho skal då ha fått panikk og lata som ho svima av.

– Eg fekk slik panikk at eg lata som at eg fekk skikkeleg vondt og svima av, sa ho.

Den unge kvinna oppsøkte legevakta etter at ho slo seg kraftig på ei trening og mistenkte at ho hadde brote eit ribbein. Det enda med at ho måtte ta av seg bh-en og at den framande legen skal ha massert brysta og brystvortene hennar.

– Lata som ho svima av

Allereie i fjor haust var saka tema i domstolen.

Hausten 2022 tok Statens helsetilsyn frå legen autorisasjonen, og det nektar han å godta. I fjor haust saksøkte han difor staten, og gjekk til rettssak i Oslo tingrett.

Under rettssaka i Oslo hevda ho at han hadde beklaga framferda si og sa at han aldri før hadde gjort noko liknande. Då den tidlegare legen skulle forklare seg, bad han retten om å undersøke om ho kan ha vore utsett for seksuelle overgrep tidlegare i livet. Han lurte på om det kunne vere difor ho reagerte så sterkt på legekonsultasjonen. Han hevda det aldri skjedde noko upassande.

Synne Bernhardt

Synne Bernhardt representerte den tidlegare legen under rettssaka i Oslo.

Foto: Mohammed Alayoubi / NRK

Blei ikkje trudd i Oslo tingrett

Den tidlegare legen blei ikkje trudd i Oslo tingrett og måtte betale vel 100 000 kroner i sakskostnader.

Sjølv var han sterkt prega under rettssaka. Han fortalde om ein vanskeleg bakgrunn og korleis han hadde kjempa for å bli lege.

Etter kort tid bestemte han seg for å anke. Ankesaka skulle starta i februar, men blei utsett då det blei klart at påtalemakta har tatt ut tiltalte mot han.

«Retten har etter en konkret vurdering av bevisene i saken kommet til at pasientens forklaring fremstår som den mest sannsynlige. Retten har i vurderingen lagt avgjørende vekt på pasientens egen forklaring som i seg selv fremstår svært troverdig».

Dom frå Oslo tingrett Dom i Oslo tingrett, 26. september 2023

Ein av 65 legar

Den tidlegare legen frå Møre og Romsdal er ikkje den einaste i helsevesenet som er skulda for å ha tøygd grensene. NRK publiserte nyleg ei omfattande kartlegging som viste at 65 legar har mist eller gitt frå seg autorisasjonen dei siste 20 åra på grunn av seksuell grenseoverskridande åtferd.

Meir enn ein tredel av dei har likevel fått tilbake autorisasjonen etter ei tid, slik som den tidlegare legen i Møre og Romsdal har forsøkt.

Skal ha brekt seg

Då den unge kvinna blei henta av venninna på legevakta, skal ho ha gråte og brekt seg.

Denne veka skal både ho og venninna forklare seg for retten.

– Eg fekk heilt panikk, eg har aldri vore slik som det etter eit legebesøk, og eg har vore mykje til lege, sa ho i retten.

Påtaleansvarleg Anders Skorpen-Trøen omtalar saka som uvanleg.

– Det er heldigvis sjeldan med straffesaker der helsepersonell er mistenkt for seksuelle krenkingar. Det er viktig at pasientar er trygge under medisinske undersøkingar, seier han.

Rettssak i Molde

Politiadvokat Anders Skorpen-Trøen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Astrid Bolstad er bistandsadvokat for den unge kvinna.

– Ho ser fram til å bli ferdig med saka. Hendinga har prega henne og ho ønskjer å komme seg vidare i livet, seier Bolstad.

Astrid Bolstad

Astrid Bolstad er bistandsadvokat for den unge kvinna.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det er sett av fire dagar i Møre og Romsdal tingrett.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL