Hopp til innhold

Menn dømde for å ha skote kvinne med gasspistol og rana henne

Hendene til kvinna blei stripsa bak ryggen. Ho blei skoten med gasspistol, fekk ein kniv mot halsen, blei truga på livet og til å utføre seksuelle handlingar mot seg sjølv, ifølgje dommen.

Aktor Magne Nyborg

Rettssaka gjekk for Møre og Romsdal tingrett i Kristiansund i mai. På bildet er aktor Magne Nyborg.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Dette skjedde i nordmørsbyen Kristiansund i januar. I mai møtte tre menn frå Nordmøre i retten. No er dei dømde til fengsel i over fem og fire år.

– Låg og sov

Det var like over midnatt 26. januar. Kvinna låg og sov. I leilegheita var også mannen som fekk den mildaste straffa.

Brått kom to andre menn. Ifølgje dommen gjekk ein av mennene straks bort til den sovande kvinna, sette seg på ryggen hennar, tok kvelartak bakfrå og heldt ein kniv mot strupen hennar.

– Eg låg og sov. Så vakna eg av at dei tok kvelartak på meg, sa kvinna då ho vitna i retten.

Ifølgje dommen samarbeidde to av mennene om å setje henne på ein kjøkenstol og stripsa hendene hennar bak ryggen.

Les også Kvinne skal ha blitt stripsa fast under ran: – Eg var sikker på at eg ikkje ville overleve

Gasspistol

Medan kvinna sat på ein kjøkenstol skaut, ifølgje dommen, ein av mennene fleire gonger mot kvinna med ein gasspistol. Kvinna blei treft i beina og fleire andre stader på kroppen, og ei av kulene måtte fjernast med kirurgisk inngrep.

– Eg var hundre prosent sikker på at eg ikkje ville overleve, sa kvinna i retten.

Medan den eine mannen peikte gasspistolen mot kvinna, leitte dei andre etter pengar. Ifølgje dommen skulle dette vere pengar frå ein narkotikahandel som hadde forsvunne frå eit anna husvære i nordmørsbyen.

Seksuelle handlingar

Under rettsforhandlingane kom det fram at kvinna måtte sitje stripsa på stolen i seks til sju timar.

Etter å ha leita utan å finne pengane skal mennene ha konkludert med at det dei leitte etter kunne vere gøymde i kroppen. Retten kom fram til at ho med vald blei truga til å utføre handlingar som samsvarar med seksuell omgang med vald og truslar.

– Dette vert ramma av valdtektsparagraf i straffelova sjølv om handlinga ikkje er seksuelt motivert. Det er utvilsamt at kvinna utførte handlinga av frykt for vald frå dei tiltalte, heiter det i dommen.

Ankar dommen

Advokat Tore Johan Sørland

Ankar dommen: Advokat Tore Johan Sørland seier at både punktet om valdtekt og fridomsrøving kjem til å bli anka.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Forsvararane til begge mennene som fekk strengast straff opplyser til NRK at i alle fall deler av dommen blir anka.

– Her blir det anke både når det gjeld punktet om valdtekt og fridomsrøving, melder forsvarar til mannen som fekk den strengaste domen, Tore Johan Sørland.

John Marius Dybvik

Ankar dommen: Advokat John Marius Dybvik seier at i alle fall punktet om valdtekt kjem til å bli anka.

Foto: Synnøve Hole / NRK

– Den delen av dommen som gjeld valdtekt blir garantert anka på bevisføringa. Elles skal eg ha ein grundig gjennomgang med klienten min onsdag. Ut over dette vil eg ikkje kommentere dommen no, seier advokat John Marius Dybvik. Han forsvarte mannen som fekk den nest strengaste straffa.

Advokaten til mannen som fekk kortast fengselsstraff, Katharina Hjelmaas, opplyser til NRK at hennar klient ikkje ønskjer å kommentere saka.

Lange fengselsstraffer

Tingretten meiner at dei to mennene som kom til staden rundt midnatt er hovudmennene i saka. Den eine er dømd til fengsel i fem år og seks månader. Den andre er dømd til fengsel i fem år og fire månader.

Den tredje mannen var, slik tingretten ser det, ein medverkar som skal straffast mildare enn dei to andre.

Ifølgje dommen har han også medverka til å kaste lys over saka, og får ein viss strafferabatt sjølv om han ikkje har vedgått skuld. Han er dømd til fengsel i fire år og seks månader.