Hopp til innhold

Ein mann tiltalt for aktlaust drap etter overdosedødsfall

Ein mann i 30-åra er tiltalt for aktlaust drap. Like før jul i 2021 blei kameraten funnen død i eit bustadfelt på Sunnmøre.

Tablettar

Det var slike tablettar den omkomne mannen skal ha fått i seg.

Foto: Kripos

Det var i midt på vinteren for litt over eitt år sidan politiet fann ein livlaus mann utanfor eit hus i Ulsteinvik på Sunnmøre. Kort tid etter blei ein annan mann varetektsfengsla, mistenkt for narkotikalovbrot, for å ha forlate ein hjelpelaus person - og for likskjending.

No har politiet i Møre og Romsdal tiltalt han for aktlaust drap og brot på meldeplikt ved dødsfall.

Det kjem fram i ei pressemelding fredag føremiddag.

Politiet meiner at den tiltalte mannen gav avdøde tablettar som inneheldt stoffet etonitazepyn natt til 14. desember 2021.

– Den avdøde skal ha tatt desse, segna om og blitt medvitslaus. I timane som følgde skal tiltalte ha latt mannen bli liggande i leilegheita utan å skaffe nødvendig helsehjelp, seier politiadvokat Magne Kvalvik til NRK. Det er det at mannen ikkje greip inn som blir klassifisert som aktlaust drap.

Magne Kvalvik står foran ein lyseblå vegg med politiet sin logo i kvitt på. Han har på seg ei blå uniform, har lite hår og svarte, runde briller. Han har gullapellar og slips, samt POLITI på brystet.

Politiadvokat Magne Kvalvik.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Skal ha vore del av rusmiljø

Politiet gjekk tidleg ut og sa at begge dei to mennene var del av eit rusmiljø, og at den omkomne var på besøk med han som no er tiltalt.

Mannen i 30-åra skal ha forklart til politiet at han forsøkte gjenoppliving. Då han blei varetektsfengsla i fjor sommar kom det fram i retten at han ikkje på noko tidspunkt hadde forsøkt å ringe AMK for å få hjelp den dagen kameraten døydde.

Tablettar med etonitazepyn
Foto: Per Ole Gundersen, Avdeling for klinisk farmakologi, St. Olavs hospital

Åtvara mot farleg stoff

I etterkant av dødsfallet gjekk politiet ut og åtvara mot stoffet i tablettane mannen skal ha fått i seg. Obduksjonen skal ha vist at tablettane inneheld stoffet etonitazepyn, og at det hadde ført til sitt første kjende overdosedødsfall i Noreg.

Saka er sendt over til Møre og Romsdal tingrett for beramming. Saka har ei strafferamme på seks år.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med mannen sin forsvarar.

Den avdøydde mannen sine pårørande tar tiltalen til vitande og ynskjer ikkje å uttale seg nærare før etter rettssaka, seier bistandsadvokat Cecilie Langva.

Les også: Politiet slår alarm om nytt dødsdop etter dødsfall på Sunnmøre

Tablettar
Tablettar