Hopp til innhold

Dømt til omvendt valdsalarm – men droppa å lade fotlenka

Ein mann i 20-åra vart dømt til omvendt valdsalarm i 2022. Men han skal ifølgje ein fersk tiltale ha latt vere å lade alarmen fleire gonger.

Omvendt voldsalarm

OMVENDT VALDSALARM: Slik skal ein omvend valdsalarm sjå ut.

Foto: Politiets IT-tjeneste

Mannen skal ha vore dømt til besøksforbod mot sin tidlegare sambuar, men skal ha brote denne fleire gonger.

Han skal mellom anna ha vore valdeleg mot kvinna, og skapt frykt.

Dermed vart han i 2022 dømt til fengsel i eitt år og to månadar for desse forholda. I tillegg fekk han opphaldsforbod med elektronisk kontroll i eitt år, ein såkalla omvendt valdsalarm.

Men no viser det seg at mannen skal ha latt fotlenka gå tom for straum fem gonger sidan han fekk den i 2022, ifølge ein fersk tiltale frå Møre og Romsdal tingrett.

Mannens forsvarar, John Marius Dybvik, seier han ikkje har fått snakka med sin klient endå. Og kan dermed ikkje seie korleis mannen stiller seg til skuldspørsmålet.

Må lade fotlenka sjølv

For blir du dømt til å gå med ei slik fotlenke, står du også ansvarleg for å lade den sjølv.

– Det er alvorleg når domfelte ikkje ladar. Når lenka går tom for straum, vil den ikkje fungere, seier avdelingsdirektør Bjørn Vandvik i politidirektoratet.

Han forklarer at når den faktisk går tom for straum, så vil det gå ein alarm hos politiet. Då vil dei enten ringe opp vedkommande, eller sende ein patrulje for å avklare situasjonen.

Om dei mistenker at det er med vilje, så vil dei kunne vurdere fengsling.

På spørsmålet om omvendt valdsalarm er trygt, når dei sjølv er ansvarleg for å lade den opp sjølv, svarer Vandvik at slik teknologien er i dag, er det einaste moglegheit.

– I all hovudsak har dette gått fint fram til no, seier han.

Han seier at dei aller fleste klarer å lade sine fotlenker. Nokre gonger har alarmen gått som følgje av teknisk feil, eller at nokon har droppa å lade den.

Om det siste er tilfellet, har det ført til at personen blir meldt.

Har ikkje skjedd før

Politiadvokat Wenche Brandstad fortel at denne saka er den einaste av sitt slag i Møre og Romsdal politidistrikt.

På spørsmål om kor alvorleg dette er, svarar ho følgjande i ein e-post:

Brot på kontaktforbod i form av manglande lading av batteri straffast normalt mildare fordi det er snakk om brot på ein slags tilleggsforplikting, og ikkje sjølve kontaktforbodet.

Debatt rundt valdsalarm

Debatten rundt omvendt valdsalarm har skote fart etter drapsbølga i Noreg denne vinteren. Med ei ny lov som er på trappene, er det venta at det skal bli enklare for politiet å bruke dette tiltaket.