Hopp til innhold

35 unge jenter varsla om trafikklæraren – no er han tiltalt

Etter eit år med etterforsking har no politiet tatt ut tiltale mot ein trafikklærar på Sunnmøre.

Ålesund politistasjon

POLITI: Politiet i Møre og Romsdal har no tiltalt mannen som var under etterforsking.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Gjennom 15 år har politi og Statens vegvesen registrert totalt 35 varsel mot trafikklæraren.

– Ja, det er spesielt. Eg har aldri opplevd noko slikt i mine 37 år i bransjen, sa dåverande seksjonssjef Odd Nasvik i Statens vegvesen, til NRK i april i fjor.

Tatt ut tiltale

Etter over eit år med etterforsking, har politiet no tatt ut tiltale på mannen. Der står det at trafikklæraren mellom anna skal ha gjennomført seksuell handling med nokon som ikkje har samtykka til det.

I tillegg er han tiltalt for å ha utvist seksuelt krenkande eller anna uanstendig åtferd i nærvær av eller ovanfor barn under 16 år. Han er også tiltalt for seksuelt krenkande åtferd mot nokon som ikkje har samtykka til det.

Det er tre jenter som står som fornærma i saka. Forholda han er tiltalt for skal ha skjedd i 2021.

Han skal mellom anna ha sagt at han ville betale pengar for å få ligge med ein elev han var lærar til. Han skal også ha kommentert kva for BH-størrelse ein av elevane brukte.

Saka mot mannen blir behandla i Møre og Romsdal tingrett i slutten av august. Det er sett av to dagar til saka.

Statens vegvesen kommenterer saka på eit generelt grunnlag.

– Vi godkjenner trafikklærarar med bakgrunn blant annet i vandel lagt fram med ordinær politiattest. For å få noko på den ordinære politiattesten må det vere meir enn ein tiltale, seier Jøran Edvardsen, rådgjevar i Statens vegvesen.

Dei vil følgje med på saka vidare.

Les også 35 unge jenter har varsla om trafikklæraren: – Dei har vore fortvilte og redde

Mykje trafikk på Hellebroa

Har vore etterforska før

Trafikklæraren har tidlegare vore etterforska av politiet, både i 2007, 2011, 2012, 2013 og 2014. Men alle desse sakene vart lagt vekk.

Mannen har vore trafikklærar på Sunnmøre i meir enn 20 år.

NRK har forsøkt å kome i kontakt med forsvararen til den tiltalte mannen, men har ikkje lukkast med dette.