Hopp til innhold

Trafikklærar på Sunnmøre dømt til fengsel

I ei årrekke har det kome varsel mot trafikklæraren frå Sunnmøre. No er han dømt til fengsel i 20 dagar.

Mykje trafikk på Hellebroa

TRAFIKKLÆRAR: Ein trafikklærar frå Sunnmøre måtte førre veke møte i Møre og Romsdal tingrett.

Foto: Synnøve Hole / NRK

I 15 år tikka det inn varsel om upassande oppførsel frå trafikklæraren, men sakene blei lagt vekk.

Førre veke måtte mannen i 50-åra frå Sunnmøre møte i retten. Forholda han var tiltalt for gjaldt tre jenter, og skal ha skjedd i 2021.

Ankar dommen

Trafikklæraren var tiltalt for å ha gjort ei seksuell handling mot nokon som ikkje hadde samtykka i det.

Han var også tiltalt for å ha hatt ein seksuelt krenkande eller anna uanstendig åtferd i nærleiken av eller ovanfor barn under 16 år, og ovanfor personar som ikkje hadde samtykka i det.

No er dommen klar, og han er dømt for seksuell handling utan samtykke og seksuelt krenkande åtferd.

Forsvararen til mannen, Oddvar Aarsæther, seier at dei anka dommen med ein gong. Han vil ikkje kommentere saka utover det.

Anne Nerland Hovde er bistandsadvokaten til dei fornærma jentene i saka. Ho seier at ho er fornøgd med at retten har tatt dei på alvor.

– Eg er fornøgd med at retten har markert kor viktig det er at ein trafikklærarar oppfører seg ovanfor ei gruppe som er veldig sårbare i alder, seier ho.

La ned påstand om 45 dagar

Mannen vedgjekk ikkje straffskuld då saka blei behandla i Møre og Romsdal tingrett.

Aktor la ned påstand om fengsel i 45 dagar på vilkår. Påstanden om fengsel på vilkår kom på grunn av at det har tatt lang tid å få saka fram for retten.

Forsvararen bad om at trafikklæraren skulle blir frifunnen.

Retten kom fram til at forholda i tiltaleavgjerda samla var 55 dagar i fengsel, men tingretten har gitt mannen strafferabatt på 35 dagar, fordi det har teke lang tid å få saka fram for retten.

Køyrelæraren er no dømt til 20 dagar i fengsel, med fråtrekk på to dagar som han allereie har sona i varetekt.

Mannen er også dømt til å betale sakskostnader på 5000 kroner.

Magne Kvalvik og Oddvar Aarsæther

Aktor Magne Kvalvik og forsvararen til trafikklæraren, Oddvar Aarsæther, før oppstarten av saka.

Foto: Silje Thalberg / NRK

Aktor Magne Kvalvik skriv i ein e-post til NRK at dommen er i tråd med påtalemakta sitt syn på skuldspørsmålet.

– At straffa ikkje blei på vilkår er eit utslag av at domstolen har vekta betydinga av liggetida noko annleis. Det tek eg med meg vidare, seier han.

Han er ikkje kjend med at det har kome inn fleire saker i etterkant av rettssaka.

Har lagt vekk fleire saker

Mannen har vore trafikklærar på Sunnmøre i meir enn 20 år. Han har ikkje vore suspendert medan etterforskinga av han har halde på.

Gjennom 15 år har politi og Statens vegvesen registrert totalt 35 varsel mot han. I tidsrommet frå 2007 til 2014 blei trafikklæraren meldt til politiet av åtte ulike jenter utan at politiet fann nok bevis til å ta ut tiltale.

Statens vegvesen driv tilsyn med køyreskulelærarar og melde sjølv mannen til politiet i 2014 på grunn av klagar frå fleire foreldre om seksualisert prat og framferd. Då blei saka lagt vekk.

I retten fortalde Odd Nasvik, pensjonist og tidlegare leiar i Statens vegvesen, om klagane dei fekk mot køyreskulen.

– Det gjekk i bruk av ord, uttrykk og grovt snakk, sa Nasvik i retten.

NRK har vore i kontakt med Statens vegvesen som seier at dei må gå gjennom dommen før dei uttalar seg i saka.

Klagene førte til at trafikklæraren fekk ei åtvaring og miste retten til å drive køyreskulen i tre månader i 2014.

Skal gå gjennom dommen

Statens vegvesen opplyser til NRK at dei no går gjennom dommen.

– Vi vurderer innhaldet i dommen opp mot krava til godkjenning som trafikklærar. Ein trafikklærar må ha godkjent vandel for å ha trafikklærargodkjenning. Ein dom kjem ikkje på politiattesten før den er rettskraftig, seier Geir Kjetil Draget, seksjonssjef i Statens vegvesen.

Politiet og Statens vegvesen har også moglegheit til å legge ned eit mellombels forbod mot å vere trafikklærar i visse tilfelle.

– Vi vurderer no om dette er aktuelt i denne saka, seier Draget.

Les også 35 unge jenter varsla om trafikklæraren – no er han tiltalt

Ålesund politistasjon

Les også 35 unge jenter har varsla om trafikklæraren: – Dei har vore fortvilte og redde

Mykje trafikk på Hellebroa

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL