Ulstein har inngått ny kontakt
– Vi er svært glade for å ha signert ein ny kontrakt for bygging av eit nytt ekspedisjonscruisefartøy, seier Lars Ståle Skoge, kommersiell direktør i Ulstein Design & Solutions.
Dette nye fartøyet er nummer sju for amerikanske SunStone Ships, og deler den same eigenskapen som tre andre fartøy i klassa ved at det har vindauge rundt heile baugen for å gi mykje lys og ei oppleving av å vere i naturen medan ein oppheld seg innandørs.
Skipet har plass til 199 passasjerar og eit mannskap på 101.