Hopp til innhold

Kontrakten klar: Verdas største hybridferje blir bygd i Ulstein

I ettermiddag blei det klart at dei siste detaljane er på plass, og Ulstein verft skal bygge ei hybridferje for Color Line.

Verdens største hybridferge

Slik skal ferja sjå ut når den blir sett i trafikk frå sommarsesongen 2019.

Foto: Ulstein Group

For omlag tre veker sidan kunne Ulstein slå i bordet med to kontraktar på same dag, men ein av dei var på det tidspunktet ikkje med to strek under svaret.

– Vi har inngått ein intensjonsavtale med Color Line. Kontrakten blir først endeleg om nokre veker, men det er berre snakk om å finpusse dei siste detaljane, sa administrerande direktør ved Ulstein verft, Kristian Sætre til NRK då.

Berre formalitetar og detaljar stod igjen då, og no er desse rydda av vegen.

– Dette ein ein viktig milepæl for oss, og vi ser fram til det vidare samarbeidet med Color Line, seier konsernsjef Gunvor Ulstein i Ulstein Group.

Kjem godt med

Administrerande direktør ved Ulstein verft, Kristian Sætre

Administrerande direktør Kristian Sætre har brukt dei tre siste vekene til å finpusse kontrakta med Color Line.

Foto: Arne Flatin / NRK

At denne kontrakta no er losa i hamn betyr mykje for eit distrikt, ein kommune og eit verft som har denne næringa som ein av hjørnesteinane. Rundt 100 permitterte skipsbyggarar kan truleg sjå framtida noko lysare i møte.

Skroget til eit topp moderne fartøy som Ulstein Verft skal leveer til Acta Marine i Nederland kjem først, og om eit års tid kjem skroget til verdas største hybridferje til Ulsteinvik.

Den har Color Line planar om å sette inn på strekninga mellom Sandefjord og Strømstad, truleg frå og med sommarsesongen 2019. Verdas største plug-in-hybridferje blir 160 meter lang, og får ein kapasitet på 2000 passasjerar og omlag 500 bilar.

– Det er svært gledeleg at norsk verftsindustri har vist seg internasjonalt konkurransedyktig, seier konsernsjef Trond Kleivdal i Color Line, som også er fornøgd med at dei kan bidra til ei vidareutvikling av norsk maritim næring.

Hybridferja som blir bygd i Ulstein

«Color Hybrid» blir 160 meter lang, kan ta med 2 000 passasjerar og 500 bilar.

Foto: Ulstein Group

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL