Hopp til innhold

Ulstein trur på familiedrift i fleire generasjonar

Sjølv i turbulente tider for næringa trur tredjegenerasjonseigar, Tore Ulstein, at verksemda kan vere familieeigd minst i ytterlegare tre generasjonar.

Tore Ulstein og Gunvor Ulstein med besteforeldra i bakgrunnen

Tore og Gunvor Ulstein kan feire 100 år som familieeigd bedrift. I bakgrunnen heng portrett av besteforeldra Inga og Martin Ulstein som styrte bedrifta den første perioden.

Foto: Arne Flatin / NRK

NRK møter syskena Tore og Gunvor Ulstein på museet som ligg i administrasjonsbygget til konsernet, ikkje langt unna der bestefaren Martin Ulstein etablerte verksemda for 100 år sidan.

Gunvor Ulstein

Gunvor Ulstein er konsernsjef i Ulstein Group

Foto: Arne Flatin / NRK

Gunvor Ulstein veit at historia er viktig, men at det også krevst at dei tenkjer framover.

– Det handlar også om å gjere dei rette tinga. Å kunne ta fleire rette enn gale avgjerder. Heile arbeidlivet handlar om å ta val, og det er ofte desse små vala som fører i ei viss retning. Men ein må også ha noko overbyggande, ein strategi som viser veg langt der framme på kva du ønsker å utvikle deg imot, seier ho.

På veggen heng portretta av Martin Ulstein og Inga Ulstein. Sistnemnde tok over som styreleiar då Martin døydde brått. Han vart berre 54 år gammal.

Martin Ulstein var ordførar i Ulstein og engasjerte seg langt utanfor bedrifta, ein arv Tore og Gunvor har ført vidare. Tore Ulstein har i mellom anna vore NHO-president, medan Gunvor Ulstein har engasjert seg sterkt for å få etablert fastlandssambandet mellom Hareid og Sula (HAFAST), på same vis som faren, Idar Ulstein, var ein sterk pådrivar for Eiksundsambandet i mange år.

Tøff omstilling

Ulstein har dei siste to-tre åra vore inne i ein tøff omstillingsprosess. Mange har mista jobben og mange har vore permitterte. Gradvis har konsernet snudd seg frå offshore til nye marknader og ein del nye kontraktar har vorte landa dei siste månadene.

Tore Ulstein

Tore Ulstein er visekonsernsjef i Ulstein Group. Han har ein periode som NHO-president bak seg.

Foto: Arne Flatin / NRK

Tore Ulstein trur det er mogleg å drive verksemda gjennom fleire generasjonar.

– Lokalt eigarskap er langt betre enn alternativet, som kan vere utanlandske eigarar, seier han.

Museum viser fortida

Museet til Ulstein viser ei fortida der bedrifta har vore gjennom tøffe tider også tidlegare. Tore Ulstein trur dette er viktig.

– Vi veit at det har vore oppturar og nedturar tidlegare, og ein har greidd gjennom hardt arbeid å kome seg gjennom. Det trur vi er viktig å ha med seg no, og derfor trur vi at vi også skal greie å kome gjennom denne omstillinga på ein god måte. Det er hardt arbeid det handlar om.

Ulstein skal markere jubileet seinare i år mellom anna med ein stor konsert i Ulsteinvik.

Ulstein verft anno 2017

Inngangspartiet til Ulstein anno 2017

Foto: Arne Flatin / NRK