NRK Meny
Normal

Stor cruisekontrakt til Ulstein

Ulstein Design & Solutions AS skal levere utstyr og design til eit cruiseskip som skal byggast i Kina. Med i kontrakten er ein opsjon på heile ni fartøy.

ULSTEIN CX103

Ulstein Design & Solutions AS skal levere utstyr og design til nye cruisebåtar

Foto: Ulstein Group

– Dette er ei stor og viktig kontrakt for oss, seier Lars Ståle Skoge, kommersiell direktør i Ulstein Design & Solutions AS i Ulsteinvik.

Verdien for Ulstein Design er på over 100 millionar kroner pr. båt, seier han.

Ekspedisjonsskip

Skipet skal ha plass til 255 personar om bord. Skroget skal tole å ferdast i område med is. Det skal byggast på verftet til China Merchants Heavy Industry i Kina. Planlagt levering er 2019.

Har jobba systematisk

Tore Ulstein

FORNØGD: Tore Ulstein, visekonsernsjef i Ulstein Group er svært fornøgd med kontrakten med reiarlaget SunStone

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi har jobba systematisk med for å etablere oss i dette segmentet og kontrakten er eit svært viktig gjennombrot for oss innan dette segmentet, seier Tore Ulstein, visekonsernsjef i Ulstein Group.

Med i kontrakten er opsjon på i alt ni skip. Det kan bety at det i alt blir 10 slike båtar i flåten til reiarlaget SunStone. Planlagt levering er 2019.