Hopp til innhold

Framtidsferja gir håp for verftsnæringa

Verdas største hybridferje, som skal byggast ved Ulstein verft, gir nytt håp for konsernet.

Verdens største hybridferge
Foto: Ulstein Group

Det er ikkje lenger berre bilar som kan suse rundt med hybridmotorar som gjer at dei kan gå både på straum og drivstoff. Nyleg blei det kjent at Ulstein verft har signert avtale med Color Line om å byggje verdas største hybridferje.

Oppdraget gir ny optimisme, ikkje minst for 100 permitterte skipsbyggjarar.

Portrett Rolf-Petter Almli

Salssjef Rolf-Petter Almlid seier det er knivskarp konkurranse om kontraktene, men at Ulstein verft gjer det dei kan for å henge med.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Vi jobbar med interessante prosjekt som har kome i kjølvatnet av denne kontrakten, det skaper blest, for å seie det slik, ute i marknaden, seier salssjef Rolf-Petter Almli.

Skal i trafikk om to år

Hybridferja som blir bygd i Ulstein

Hybridferja blir 160 meter lang og har plass til 2000 passasjerar og 500 bilar.

Foto: Ulstein Group

Verdas største hybridferje skal setjast inn på strekninga Sandefjord-Strømstad sommaren 2019. I tillegg til dieselmotorar, kan ferja lade batteria enten via generatoren om bord i skipet, eller via store landanlegg i Oslo, Larvik, Kristiansand og snart også Sandefjord.

Skipet blir 160 meter langt og har plass til om lag 2000 passasjerar og 500 bilar.

Det er flott at den norske skipsbyggjar-industrien har bevist kor konkurransedyktig dei er internasjonalt, skriv Trond Kleivdal i Color Line i ei pressemelding.

Les også:

Trur det kjem fleire oppdrag

Portrett Tore Ulstein

Viseadministrerande direktør Tore Ulstein håper på fleire kontraktar framover.

Foto: Arne Flatin / NRK

Det har vore magre tider for Ulstein ei stund, men no kjem kakefestane på rekkje og rad. Tysdag blei bygginga av verdas største hybridferje markert i Ulstein, og visekonsernsjef, Tore Ulstein, deltok på festen.

– Dette er eit nytt segment for oss, eit segment som er ganske stort, og det er ei stund sidan det har vore bygd i dette segmentet. Vi trur vi kan få høve til å bygge fleire slike på Ulstein verft, seier Ulstein.