Hopp til innhold

Stor tru på 100 nye år for Ulstein

I dag feira Ulstein seg sjølv etter 100 år. Både lokalbefolkninga og dei sjølve trur bedrifta kan fortsette i eit nytt hundreår.

Håvard Nygjerde

Håvard Nygjerde var ein av dei som deltok i feiringa. Han trur Ulstein vil klare seg i 100 år til.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Det er 100 år sidan industrieventyret starta for Ulstein og i dag er det storstilt feiring. For ei bedrift som har betydd så mykje for lokalsamfunnet, var det naturleg at heile byen blei invitert til festen. På programmet står både Sigrid, Madcon og Cezinando.

– Vi hadde lyst å gi noko tilbake. Både til bygda og folk som har jobba her. Vi ville at det skulle vere inkluderande, så vi håper folk opplever det slik, seier Lene Trude Solheim i Ulstein Group. Selskapet har om lag 600 tilsette i seks land. Hovudkontoret ligg i Ulsteinvik.

Krevjande tider

Lene Trude Solheim

Lene Trude Solheim ved Ulstein Grpup meiner det er viktig å feire 100-årsdagen, sjølv om det er tøffe tider.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Det har vore tøffe tider for bedrifta i åra før jubileet, med underskot og nedbemanning. Solheim meiner likevel det er riktig å feire, trass tunge tider.

– Vi har sagt at vi går for 100 nye år, og då må vi planlegge for det. Det at vi har blitt 100, det må uansett markerast.

–Vi er jo midt i ei omstilling og har tru på at vi skal lykkast med det. Det er mykje og hardt arbeid, men vi er på god veg. Vi har fått viktige kontraktar og jobbar med spennande prosjekt, seier Solheim.

Bedrifta er vand med opp og nedturar. Solheim fortel at detvar vêrhardt og tøft på 50-, 60- og 70-talet også, og at dei er vand med å konkurrere.

Trur på framtida

I Ulsteinvik har både lokalbefolkninga og dei tilsette stor tru på at bedrifta framleis skal ligge i kommunen og at den kan eksistere i 100 år til.

– Det trur eg. Dersom dei klarer å tilpasse seg trur eg dei kan eksistere om 100 år til, seier Håvard Nygjerde. No er han lærar, men har jobba i Ulstein tidlegare, og kan fortelje om ti år med sommarjobb i bedrifta.

-– Dei har vore flinke å sno seg gjennom vanskelege tider ved å finne nye nisjar og satsingsområde, så eg har stor tru på det, seier Knut Einar Tokheim.

-– Eg trur dei vil klare seg i 100 år til, i ei eller anna form. Det er ikkje sikkert bedrifta vil vere det den er no, men eg trur Ulstein vil klare seg, seier Lena Bakkejord.

Også Lene Trude Solheim i Ulstein Group trur verksemda blir verande i Ulsteinvik.

– Det trur eg, seier ho, før ho tar ei tenkepause og ser ut over verftet.

– Vi har så sterk lokal forankring, så eg ser ingenting som tydar på noko anna.

Ulstein 100 år

Den storstilte feiringa med fleire tusen gjestar føregår i dokkhallen.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK