Hopp til innhold

– Plutseleg har eg ei anna meining med dagane mine

Det kan sjå ut som julegåva kom tidleg for fleire verftsarbeidarar. Etter å ha vore permitterte i månadsvis er mange no tilbake i fullt arbeid.

Bjørn Ove Bakke og Vidar Hungnes

GLADE: Bjørn Ove Bakke og Vidar Hungnes ved Ulstein verft er svært letta over at verftet har sikra seg store prosjekt som gjer at folk kan kome tilbake i arbeid.

Foto: Arne Flatin / NRK

Etter fleire lange og stille periodar, er det på ny aktivitet i dokkhallen på Ulstein verft på Sunnmøre. Stillstanden kom som ein konsekvens av oljenedturen. Då vart det brått slutt i bygging av offshorefartøy. Men no er rundt 125 tidlegare permitterte tilsette ved verftet tilbake i fullt arbeid.

Bjørn Ove Bakke

BETYR ALT: Bjørn Ove Bakke er tilbake i jobben som bas ved Ulstein verft etter å ha vore permittert i to og ein halv månad.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det betyr alt. Plutseleg har eg ei heilt anna meining med dagane mine. Ein får styre med det ein likar å styre med, seier Bjørn Ove Bakke som er letta og glad for å vere tilbake i jobben som bas ved Ulstein Verft.

Skal bygge heilt andre skip

Etter ei kraftig omstilling har verftet sikra fire store prosjekt. No skal dei bygge eit vindoffshorefartøy, yacht, passasjerskip og eit ekspedisjonsskip. For dei som har vore permittert er dette svært godt nytt.

– Det er herleg, det er mykje kjekkare dette enn å sitte heime å sjå på TV, seier Bjørn Ove Bakke.

Større etterspørsel etter verftsarbeidarar

Stein Veland

ETTERSPØRSEL: Svein Veland, fylkesdirektør i NAV, trur at det vil bli ein større etterspørsel etter verftsarbeidarar i 2018.

Foto: Trond Vestre / NRK

Verftsindustrien i Møre og Romsdal kjem til å trenge fleire tilsette i løpet av neste år, trur fylkesdirektør Stein Veland i NAV. Omstillinga som dei store verfta har vore gjennom dei siste åra har gitt mange nye oppdrag.

– Verfta som bygger store båtar har fått ein del kontraktar, slik som Kleven, Ulstein og VARD. Det betyr at i 2018 vil det vere ein mykje større etterspørsel etter verftsarbeidarar enn det vi har sett på lenge, seier Veland.

Ellen Kvalsund, Kleven Verft

MYKJE ARBEID: Kommunikasjonssjef i Kleven-konsernet, Ellen Kvalsund, fortel at begge verfta har mykje arbeid.

Foto: Øyvind Johan Heggstad / NRK

Godt nytt er det ikkje berre ved Ulstein verft. I Kleven-konsernet er det per i dag ingen permitterte på verken Kleven eller Myklebust verft.

– Vi har veldig mykje arbeid, for vi skal levere 6 båtar dei fem første månadane i 2018, seier kommunikasjonssjef Ellen Kvalsund.

Arbeid er det også for fleire av VARD sine verft på Sunnmøre. Berre i løpet av dei to siste dagane har VARD Søviknes og VARD Aukra sikra seg kontraktar på ulike fartøy.

– Det vil vere permitteringar i byrjinga av nyåret, men det arbeidast iherdig med å skaffe arbeid til alle. Prosjektet på Søviknes vil gi arbeid til mange og etter kvart vil aktiviteten auke ved dei andre verfta også, seier kommunikasjonsdirektør i VARD, Hege Akselvoll.

Vard Brattvåg

VARD: VARD Brattvåg er ein av fleire verft på Sunnmøre som har arbeid i vente. – Vi prøver å legge til rette for at tilsette kan arbeide på søsterverft i rolege periodar og vi har i stor grad unngått permitteringar på grunn av denne ordninga, seier kommunikasjonsdirektør Hege Akselvoll. Likevel har konsernet ikkje klart å unngå nokre permitteringar i 2017.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

– Er på rett kurs

Vidar Hungnes

SER FRAMOVER: Vidar Hungnes er produksjonskoordinator ved Ulstein verft. Han er glad for at ting har byrja å snu og meiner verftet no er på rett kurs.

Foto: Arne Flatin / NRK

Tilbake på Ulstein verft er produksjonskoordinator Vidar Hungnes svært glad for at ting har byrja å snu. Med folk tilbake i jobb ser han lysare på situasjonen.

– Det er utruleg kjekt å sjå så mange folk i sving igjen. Det har vore stilt ei periode, men no ser vi stort sett berre framover. Vi er på rett kurs, det er det ingen tvil i, seier Hungnes.