Hopp til innhold

To etterlengta kontraktar til Ulstein

Det er tøffe tider for verftsbransjen, men i dag annonserte Ulstein to nye kontraktar. Verdas største hybridferje var dagens siste signering.

Verdens største hybridferge

ULSTEIN SKAL BYGGE: Verdas største plug-in-hybridferje vil vere 160 meter lang, og ha ein kapasitet på 2000 passasjerar og omlag 500 bilar.

Foto: Ulstein Group

– Dette var etterlengta. Det var godt å signere desse kontraktane, seier administrerande direktør ved Ulstein verft, Kristian Sætre til NRK.

To på ein dag

Over 100 som arbeider med skipsbygging i Ulstein-konsernet er permitterte. Det er difor svært viktig å få i hamn nye kontraktar, og Sætre seier dagens to vil gi mykje arbeid til hausten og utpå året neste år. Då kjem skroga til Ulstein. Først skroget til det topp moderne fartøyet Ulstein Verft skal levere til nederlandske Acta Marine.

Utpå året 2018 kjem skroget til verdas største hybridferje til Ulsteinvik. Color Line skal etter planen sette passasjerferja inn i trafikk på strekninga mellom Sandefjord og Strømstad frå sommarsesongen 2019.

– Vi har inngått ein intensjonsavtale med Color Line. Kontrakten blir først endeleg om nokre veker, men det er berre snakk om å finpusse dei siste detaljane. Når to partar inngår ein intensjonsavtale betyr det at vi ikkje har konkurrentar og at det i utgangspunktet er formalitetar som står att, forklarar Sætre.

Ulstein Verft skal bygge skip for Acta Marine

FORNYBAR ENERGI: Skipet Ulstein verft skal bygge for Acta Marine har Ulsteindesign og er eit sørvis-skip for vindturbinar offshore.

Foto: Ulstein Design & Solutions SX195

Skal feire med kake

I morgon blir det kakefest i Ulsteinvik. To kontraktar på ein dag er slett ikkje kvardagskost for tida.

– Dette var viktige kontraktar for oss. Det har vore ganske låg aktivitet på verftet ein periode, og det har ikkje vore så mange kontraktar i marknaden som passar for oss. Så i morgon skal vi feire og kose oss, seier verftsdirektøren.

Og dei to kontraktane med Color Line og nederlandske Acta Marine er også strategisk viktige for Ulsteinkonsernet.

Administrerande direktør ved Ulstein verft, Kristian Sætre

SMILER: Kristian Sætre jobbar framleis med å skaffe kontraktar til Ulstein verft, men dagens to har gjort situasjonen betre.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Vi har vore eit verft som stort sett har bygd offshorebåtar siste tida. Vi måtte omstille oss, og har satsa på skip som er tilpassa vindturbindrift og passasjertrafikk, så strategisk passa dette veldig bra for oss, seier Kristian Sætre.

Treng meir arbeid

Men trass i viktige kontraktar i hamn, er det framleis mange som vil vere permitterte i tida som kjem. Det er rundt 300 som er tilsette innanfor skipsbygging i Ulsteinkonsernet.

– Vi jobbar framleis med kontraktar, og det er mykje interessant som det kan bli noko av. Meir enn det kan eg ikkje røpe. Men vi prøver å få tak i ombyggingskontraktar og reparasjonsoppdrag for å halde på kompetanse også i nær framtid, forklarar Sætre.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL