Kontrakten blei inngått sist veke. Ifølgje kontrakten skal det først byggjast eitt skip. I tillegg har Ulstein opsjon på bygging av to til. Selskapet Lindblad Expeditions Holdings samarbeider med National Geographic. og selskapet blir karakterisert som ein leiande aktør innan ekspedisjonscruise.
Det blir byggestart i 2018. Det første skroget kjem til Ulsteinvik i første kvartal i 2019 og det første skipet skal levrast i første kvartal i 2020.
Ny marknad
Kontrakten er eit kjærkome bidrag til ei næring som har slite hardt etter det kraftige prisfallet på olje for nokre år sidan. Etter dette har fleire verft arbeidd målmedvite for å kome inn på nye marknader.
– Det vil framleis ta nokre år før vi ser ei styrking innan offshore, olje og gass. Det er difor vi har gått inn i nye marknader, seier Tore Ulstein til NRK.
– Målretta satsing
Under presentasjonen i dag la leiinga i Ulstein vekt på at dei byggjer vidare på kompetansen dei har bygt opp under heile perioden med bygging av skip for olje- og gassnæringa.
– Vi har jobba svært målbevisst og vi har ein kompetanse til å byggje avanserte båtar. Tidlegare brukte vi erfaringar frå fiskeri inn mot olje og gass. No brukar vi erfaringane frå olje- og gass inn mot reiseliv, seier Tore Ulstein til NRK.
Gunvor Ulstein er forsiktig med å avblåse krisa for verftsnæringa heilt. Men ho er tydeleg på at det no er ei stor von om at verftet har kome inn på ein ny marknad som tryggar drift fram til olje- og gass får ein ny opptur.
– Vi håper no å kunne ta inn att fleire av dei som vi ikkje har hatt plass til dei siste åra. I dei vanskelege åra har vi tæra på kapital som vi har bygt opp. Utfordringa har vore å snu seg raskt nok, seier konsernsjef Gunvor Ulstein.
Spesialutvikla for polhava
Skipet er utvikla for polare forhold og skal vere utvikla med vekt på tryggleik, komfort og miljøvenlege løysingar. Skipet har også ei svært høg isklasse for å kunne kome seg langt inn i polare strøk. Skipet har store tankar for drivstoff og drikkevatn som gjer at det kan gjennomføre langvarige operasjonar i fjerntliggande område.
– Dette vert eit toppmoderne fartøy. Det nye skipet blir sentralt for vår langsiktige vekst, og vil bli verdas mest ekstraordinære ekspedisjonsskip innan ei rekke område, seier Sven Lindblad, som er konsernsjef i Lindblad.