NRK Meny
jerv
Foto: Jørn Nordli / NRK

Rovdyr i Møre og Romsdal

Oppsummert

Jerv er det rovdyret i Noreg som tek mest husdyr på beite.

  • Ni gauper felt i kvotejakta

    I år ble det kun åpnet for jakt i rovviltregionene Oppland, Midt-Norge og Vest-Norge. I Oppland og Midt-Norge ble åpnet for kvotejakt. Det ble felt 44 gauper under kvotejakta fra 1. februar til 31. mars, ni av disse i Møre og Romsdal.

    Gaupe felt i Surnadal
    Foto: Gøran Rønning
  • Vil at du samlar jervebæsj

    Rovdata oppfordrar turfolket og andre som er ute i naturen i påska til å plukke med seg jervebæsj og levere den inn til Statens naturoppsyn. – Gjennom DNA-analysar kan vi finne ut om dyret er kjent frå før. Dette er viktig for å kartleggje bestanden, skriv Rovdata på nettsida si.

    Jerv
    Foto: Asgeir Kvalvik / Scanpix
  • Hogaupe skoten

    Ei gaupe blei skoten på Gjøra i Sunndal i dag tidleg. Lars Olav Lund i Statens naturoppsyn seier til Tidens Krav at dyret var ei vaksa hogaupe på 17,5 kilo. Gaupejakta starta 1.februar og varer ut mars.

    Lars Olav Lund i Statens Naturoppsyn
    Foto: Per Jarle Heggdalsvik / NRK
  • Fryktar for nye rovdyrangrep

    Norddal kommune ber om hjelp frå Miljødirektoratet etter at det ikkje blei felt jerv under jakta i februar. Bøndene i Eidsdal er fortvilte over at dei ikkje klarer å redusere talet på jerv, som har tatt mykje sau dei siste åra. Nokre har slutta med sau, medan andre planlegg avvikling, seier næringssjef Toralv Klokkehaug. Miljødirektoratet vurderer behovet for å ta ut jerveynglingar fortløpande, men vektlegg at det i år er færre ynglingar enn i fjor, noko som gjer at lista for slike uttak er høgare enn tidlegare.

    Sau angrepet av jerv i Norddal
    Foto: Bjørn Helge Rønneberg
  • Har ikkje klart å felle jerv

    I morgon er årets jervejakt over. Til saman er det gitt løyve til å felle fire dyr i Møre og Romsdal, men hittil er ingen dyr felt. Jerven har dei siste åra vore skulda for store sauetap, og sauebønder i Eidsdal er fortvilte over at dei ikkje klarer å redusere talet på jerv. – Det er heilt umogleg å livnære seg på sauedrift når det er så mykje jerv her i område. Kostnaden blir for stor når ein taper så mange dyr kvart år, seier Bjørn-Helge Rønneberg.

    Bjørn Helge Rønning forklarer
    Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK