Hopp til innhold

Krev ekstraordinært uttak av jerv

Aldri før har sauebonden i Valldal sett så mange jerv på garden sin. No krev ho at fleire av rovdyra blir skotne før beitesesongen startar.

Snøen ligg tungt over på garden Grønningsæter øvst i Valldal på Sunnmøre og sauene er trygt inne i fjøset.

Men det er ikkje berre vinteren som hindrar bonden i å sleppe ut sauene. For dei siste dagane har dei sett uvanleg mange jerv på garden.

– Eg har aldri sett så høg aktivitet, seier sauebonde Tone Grønningsæter.

Ho fortel at dei i løpet av seks dagar i januar såg tre ulike jerv fanga opp av viltkamera, 900 meter frå sauefjøset.

Jerv i Valldal fanga på viltkamera

Ein av jervane som er observert like ved garden på Grønningsæter i Valldal, fanga opp av viltkamera.

Foto: Privat

Fryktar store tap

Inne i fjøset står 50 sauer. Med jerven rundt garden, er dei påpasselege med å halde dørene til fjøset godt lukka, fortel Grønningsæter.

Sauebonde Tone Grønningsæter

Sauebonde Tone Grønningsæter fryktar årets beitesesong om det ikkje blir gjort noko for å redusere talet på jerv i området rundt garden hennar øvst i Valldal i Fjord kommune.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Jerven er eit effektivt rovdyr og tar raskt livet av ein sau eller eit lam om han får sjansen.

I Fjord kommune blei det i 2023 rapportert om at 314 sauer var tatt av jerven. Ifølgje tal frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal er Fjord ein av to kommunar med størst tap av beitedyr til rovdyr.

Ordførar Therese Jemtegård Moen er redd bøndene ikkje lenger orkar å halde på med beitedyr når tapa blir så store.

Stortingsrepresentant Geir Inge Lien (Sp) og ordførar i Fjord, Therese Jemtegård Moen (Sp).

Stortingsrepresentant Geir Inge Lien (Sp) saman med ordførar i Fjord kommune, Therese Jemtegård Moen (Sp). Dei er samde om at det no må takast ut meir jerv i området.

Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

– Vi meiner her er meir jerv enn det bestandsmålet som er sett, utan at det blir gjort noko.

Kommunen ber om at det blir gjort eit ekstrordinært uttak av jerv før beitesesongen.

Grønningsæter fortel at jerven ikkje har vore eit problem for beitedyra hennar før dei siste fire åra. Det tyder på endringar i bestanden, meiner ho.

Krev uttak av jerv

Garden Grønningsæter ligg akkurat innanfor forvaltingssona for jerv, det vil enkelt seie det området der jerven har lov til å opphalde seg og yngle, innanfor visse grenser.

Garden på Grønningsæter i Valldal i Fjord kommune.

Garden Grønningsæter øvst i Valldal er dekt av snø. Her har dei observert uvanleg stor aktivitet av jerv i den siste tida.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Miljødirektoratet har ikkje informasjon om at det er for mange jerv i forvaltingsområdet som Valldal er omfatta av. Det seier seniorrådgivar, Susanne Hanssen.

– Vi skal no samle inn meir informasjon og dokumentasjon om kva som er situasjonen i området, og så bestemme kva som må gjerast.

Susanne Hanssen i Miljødirektoratet

Susanne Hanssen er seniorrådgivar i Miljødirektoratet. Dei skal samle inn informasjon for å sjå om det er grunn til å ta ut jerv i området der garden til Tone Grønningsæter ligg.

Foto: Miljødirektoratet

Hanssen forklarar at dersom det er færre jerv i enn det som er fastsett i bestandsmålet, så vil terskelen for å skyte jerv vere høgare enn om dei finn dokumentasjon på at der er for mange.

Sterkt uenige

Stortingsrepresentant Geir Inge Lien har sett bilda som er tatt med viltkamera.

Han vil løfte saka opp til landbruksministeren og ta initiativ til eit møte mellom forvaltninga i Midt-Norge og Innlandet for å sjå kva som kan gjerast.

Geir Inge Lien står i ein gang og pratar med ei kvinne. Han er skalla, har litt skjegg og har på ei lyseblå skjorte med ein mørk blaser. Kvinna han pratar med står med ryggen til og er ute av fokus.

Stortingsrepresentant Geir Inge Lien frå Senterpartiet vil løfte jerveproblematikken opp til landbruksministeren.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Hurdalsplattforma er tydeleg på at bestandsmåla skal haldast og no er signala at bestandsmålet er nådd og då er det viktig at det blir tatt ut dyr fort og effektivt, seier Lien.

Ikkje alle er like skeptiske til rovdyra.

Krav om å skyte jerv, er ikkje noko nytt frå SP. Me meiner at rovdyra er ein viktig del av naturen i Noreg. Og skal me ha rovdyr, må dei i alle fall få lov til å bli innanfor forvaltningsområdet, seier Jonas Maas Nilsen i Milljøpartiet De Grønne.

Jonas Maas Nilsen
Gruppeleder - MDG Møre og Romsdal

Jonas Maas Nilsen i MDG peiker på at jerven har mista områder.

Foto: MDG

Han peiker på at Trollheimen, Forollhogna og Øvre Sunndal i 2012 ikkje lenger var prioritert område for jerven, noko som kan ha ført til press på andre område. Han meiner at det å peike på totalbestand av jerv blir som å snakke om snittemperatur.

Alle veit da at Sørlandet drar opp snittet, men det har dessverre lite å si for stakkaren som venter på grillvær i Ålesund. Det er det samme med jerv: Den totale bestanden seier lite om Møre og Romsdal, seier MDG-gruppeleiaren frå Møre og Romsdal.

Fryktar beitesesongen

I slutten av april er lamminga inne i fjøset i gang for fullt. På Grønningssæter kan dei kanskje vente seg rundt 90 lam.

No har sauebonden sendt dokumentasjonen på jerveaktiviteten vidare til Miljødirektoratet og andre etatar i forvaltninga.

Ho håper det kan vere bevis på at det er for mange jerv i dette området.

I slutten av juni skal sauene og lamma etter planen ut på beite og Grønningsæter legg opp til hyppige tilsyn gjennom heile sesongen.

– Det kjennest litt håplaust å ta imot lamma i fjøset, sjå dei vekse til og så finne dei drepne av jerven kort tid etter at dei er komne ut på beite, seier Grønningsæter.

Jerv i Valldal fanga opp av viltkamera

Viltkamera har fanga opp ein jerv ved garden Grønningsæter i Valldal på nattetid.

Foto: Privat