Berre hittil i mars er det gjort fleire observasjonar av jerv i fjellområda mellom Vestlandet og Austlandet. Det er også stadfesta med DNA-prøver og spor at det kraftige rovdyret har heldt til vinteren midt i matfatet.
– Det hastar. Det er eit par månader no med sporsnø, då er det viktig at jobben med uttak blir gjort, krev sauebonde og tillitsvald i bondelaget, Ole Bjarne Hovland frå Årdal.
Mista fleire hundre
Dersom det ikkje blir gjort noko no, så fryktar han og dei andre sauebøndene i området at situasjonen blir slik den var i 2014. Då tok jerven hundrevis av beitedyr.
– Vi fryktar ein ny katastrofesommar der jerven kan forsyne seg av sau og lam, seier Hovland til NRK.
Ifølgje rovdyrforliket på Stortinget i juni 2011, skal det ikkje vere ynglande jerv eller andre rovdyr i det som formelt sett heiter «sone 1». Det vil seie frå grensa til Sunnmøre til Vest-Agder.
– Vi har ei veldig sterk næring i sau og lam her i Indre Sogn og vi har veldig god kvalitet på det vi produserer. Om det er jerv i våre beiteprioriterte område, så blir det veldig vanskeleg å drive, meiner Hovland.
UROA: Sauebonden Ole Bjarne Hovland meiner at det no må gjerast strakstiltak for å bli kvitt jerven i Indre Sogn.
Foto: Kaia Jonsen Viki / NRK– Vanskeleg å drive
Det er i stor grad tisper og kvelpar som blir tatt ut dersom det blir sett i gang jervejakt og ein av jaktmetodane er å finne og oppsøke hia til jervetispene. Dette var blant anna tema i NRK-serien Villmarkens Voktere i 2015.
NRK har vore i kontakt med viltforvaltninga og Statens naturoppsyn. Dei stadfestar at det har vore kontakt med Miljødirektoratet, som no skal vurdere kravet om jervejakt.
– Det er ein del jerv i våre område og det er klart at dersom dei får yngle, så blir det vanskeleg for oss å drive, slår sauebonde Ole Bjarne Hovland fast.
FLEIRE OBSERVASJONAR: På rovbase.no har dei registrert ei rekkje observasjonar og spor etter jerv i området indre Fjordane i mars.
Foto: Rovbasen.no