Hopp til innhold

Jervebestanden aukar og bøndene slit: – Vi er meir på kadaversøk enn tilsyn

Situasjonen for sauebønder på Sunnmøre vert skildra som katastrofal. No krev bøndene at staten tek ansvar.

Jerv tar sau.

STOR AUKE: Sauebønder på Sunnmøre er frustrerte over jervebestanden. Dei krev at regjeringa tek ansvar og får bestanden ned til målet Stortinget har sett.

Foto: Hans Martin Gjedrem / Viltkamera

Øvst oppe i jordbærbygda Valldal held Hans Martin Gjedrem til, saman med dei mange sauene og lamma han eig.

Men flokken hans vert stadig mindre og mindre.

Det er ein fortvilt situasjon. Vi byrjar å verte vande til det, men det slit meir og meir på motivasjonen og det skaper frustrasjon, seier bonden.

Gjedrem seier at han i år har mista tre sauer og 38 lam til rovvilt. Dei siste åra har han og fleire sauebønder i området opplevd ei stor auke i dyr som vert tekne av jerv.

Stortinget har bestemt at bestandsmålet på jerv i landet skal vere på 39. Men i år er det mange fleire jervekull som har vorte fødde, nemleg 64.

Det er vanskeleg å sjå at næringa vi driv vert så skadelidande av ei manglande forståing frå dei som forvaltar rovdyrpolitikken, seier Gjedrem.

Hans Martin Gjedrem inne i sauefjøset og koser med sauen.

– Det som skal til, er at dei som styrer og forvaltar jervebestanden gjer jobben sin, slik at vi kjem på bestandsmålet. Det må til, seier sauebonde Hans Martin Gjedrem.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Meiner staten ikkje gjer jobben sin

Kvar sommar blir sauene slopne opp i beiteområdet over garden til Gjedrem. Men færre og færre kjem seg ned att til garden.

Som det er no, er det lite triveleg. Vi er meir på kadaversøk enn på tilsyn med dyra, seier sauebonden.

Han seier at som det er no, vert bøndene nesten tvinga til å gi seg.

Vi kan ikkje halde fram med å ha om lag 30 prosent tap til rovdyr. Men samstundes vil eg ikkje knele fordi folk ikkje gjer jobben sin i forvaltninga, seier Gjedrem.

Bøndene har dokumentert fleire av dei drepne sauene dei har funne:

Sau drept av jerv ligger død i elva.
Foto: Kristian Indreeide
Sau drept av jerv.
Foto: Kristian Indreeide
Sau drept av jerv.
Foto: Hans Martin Gjedrem
Sau drept av jerv.
Foto: Kristian Indreeide
Jerv tar sau. Fanget på viltkamera.
Foto: Hans Martin Gjedrem / Viltkamera
Jerv fanget på viltkamera.
Foto: Hans Martin Gjedrem / Viltkamera

– Jerven riv dei omtrent i hel i fjellet, seier sauebonde Kristian Indreeide i Eidsdal.

Garden hans har vore i drift i fleire generasjonar. Han hevdar at dei for sju år sidan ikkje hadde problem med rovdyret.

Men i 2017 tok jerven for alvor inntoget sitt i området.

Kristian Indreeide er sauebonde i Eidsdal og har mista mange dyr til jerv

Kristian Indreeide har i år henta mange kadaver ned frå fjellet. No krev han at staten tek ansvar.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Vi er langt over det vi skal vere i bestandsmål, men det skjer ikkje noko. Det er ein vanskeleg situasjon.

I Møre og Romsdal og Trøndelag har Stortinget bestemt at bestandsmålet på jervekull skal vere 10, men i år er realiteten 16 jervekull.

Indreeide meiner at Statens naturoppsyn (SNO) må kome på bana.

Fryktar for følgja

Det har vore svært ille. Bøndene karakteriserer situasjon som katastrofal, seier Audun Skjervøy.

Han er nestleiar i Møre og Romsdal bondelag, og i tillegg rovdyransvarleg i bondelaget. Også han er samd i at SNO må ta grep.

Dei har fleire verktøy tilgjengeleg, og kan også jakte i periodar der det er vanskeleg for amatørjegerane.

Audun Skjervøy er nestleiar i Møre og Romsedal bondelag og rovdyransvarleg i bondelaget

Audun Skjervøy er nestleiar i Møre og Romsdal bondelag og rovdyransvarleg i bondelaget. Han seier fleire bønder er frustrerte.

Foto: ØYVIND BERGE SÆBJØRNSEN / NRK

Skjervøy har tett kontakt med bøndene, og er redd for kva følgjer den aukande bestanden av jerv vil ha.

Vi treng eit levande og livskraftig landbruksmiljø. Vi har ingen bønder å miste. Beitenæringa er ein viktig del av landbruket i delar av Møre og Romsdal fylke.

Han peikar fingeren mot regjeringa, og krev at dei tek ansvar for å felle fleire jerv.

Vi har eit rovdyrforlik på Stortinget som fellinga skal skje etter. Det viser seg at måten ein har prøvd å få bestanden ned på rett nivå til no, ikkje er tilstrekkeleg. Den er rett og slett mangelfull.

Krevjande felling

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Kjersti Bjørnstad, skriv i ein e-post at ho har forståing for belastninga dette har på bøndene.

Pressebilde av Statssekretær Kjersti Bjørnstad i Klima og Miljødepartementet.

Kjersti Bjørnstad, statssekretær i Klima- og miljødepartementet.

Foto: TROND ISAKSEN / © FOTO TROND ISAKSEN

Vidare står det at det er krevjande å få bestanden av jerv så nær bestandsmålet som mogleg. Bjørnstad skriv at lisensfellinga har vorte betre i nokre område, men at dei ikkje har lykkast godt nok over alt.

Inntil lisensfellinga vert meir effektiv, vil Miljødirektoratet fortløpande følgje med på jerveregistreringane gjennom vinteren og våren. Eg har også bede Miljødirektoratet raskt vurdere behovet for gjennomføring av sokalla ekstraordinære uttak av jerv i regi av Statens naturoppsyn, skriv ho i ein e-post.

Inne i sauefjøset til Hans Martin Gjedrem.

Sauefjøset til Hans Martin Gjedrem kan ende opp med å vere utan sau – viss regjeringa ikkje tek tak og får ned jervebestanden.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Vil halde fram som bonde

Når utviklinga er som ho er no, må det bli gjort grep. Det er det minste vi kan forvente, seier sauebonden i Valldal.

Gjedrem meiner staten er meir opptekne av å felle ulv og bjørn, enn jerv. Og viss dei snart ikkje tek grep for å halde bestandsmålet dei har sett, fryktar han at han må gi seg.

Eg har ikkje lyst, men det er noko som heiter fornuft. Kor lenge kan ein drive som ein gjer no, seier han.

Les også Ulven er ikke sauens største fiende

To hannulver