Hopp til innhold

Liten mikroplastfare i norske drikkevatn

Det er svært låge nivå av mikroplast i vatnet frå norske vassverk. Det viser undersøkingar som er gjort over heile landet.

Brusdalsvatnet

E39 går langs heile Brusdalsvatnet på Sunnmøre. Vatnet gir drikkevatn til store delar av Ålesund, og ein har lenge frykta at slitasje frå dekk ville føre til mikroplast i drikkevatnet. No viser ei ny undersøking at førekomsten av mikroplast i norske vassverk er null eller nær null.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det er Norsk institutt for vassforsking (Niva) som har utført analysane på oppdrag for bransjeorganisasjonen Norsk Vann.

Toril Hofshagen, direktør i Norsk vann

Toril Hofshagen, direktør i Norsk Vann, seier prøveresultata er gledelege.

Foto: Norsk vann

Denne viser at førekomsten av mikroplast i vassprøvane var null eller nær null. Dette gjaldt både i vasskjelda, i behandla vatn og i vatn ute på leidningsnettet. Folkehelseinstituttet, som har følgt prosjektet frå starten av, konkluderer difor med at det ikkje er ein helserisiko å drikke dette vatnet. Ei gledeleg nyheit, seier Toril Hofshagen, direktør i Norsk Vann.

– Det er overraskande låge og gode resultat. Vi frykta at vi ville finne meir mikroplast i norske drikkevasskjelder. Vassbransjen tek utfordringa med plastforsøpling og mikroplast alvorleg. Vi var difor opptatt av å finne ut om dette var eit problem i norske drikkevatn.

Trygt drikkevatn

I kartlegginga er det lagt vekt på å undersøke drikkevatnet til ein stor del av befolkninga. Vassverka blei valt ut frå representativitet og ei risikovurdering av kvar dei forventa å finne mest mikroplast. Mikroplast i naturen kan kome frå mange forskjellige kjelder, blant anna dekkslitasje, kosmetikk, og tekstilar.

David Mertsching

David Mertsching, konstituert teamleiar for vatn i Ålesund kommune, er glad for resultata av prøvetakinga.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Brusdalsvatnet i Ålesund var blant dei 24 vassverka som blei undersøkt. E39 ligg like ved, og ein lenge frykta at slitasje frå dekk ville føre til forureining av drikkevatnet.

– Dette er eit godt teikn på at drikkekjelda vår er i orden og at det er trygt å drikke vatnet frå springen, seier David Mertsching, konstituert teamleiar for vatn i Ålesund kommune.

Dei siste åra har fokuset på mikroplast auka kraftig, men det er så langt uklart kor skadeleg mikroplast er for menneske. Bjørn Einar Grøsvik, forskar ved Havforskningsinstiuttet, meiner det er urovekkande at vi veit for lite om kva mikroplast gjer med kroppen.

Plastutfordring

I 2017 blei resultata frå ein verdsomspennande studie på mikroplast i drikkevatn publisert. Ifølgje rapporten skal i gjennomsnitt 83 prosent av prøvane ha inneheldt mikroplast.

The Guardian skriv at den gjennomsnittlege mengda mikroplast som blei funne i per 500 milliliter vann, varierte frå 4,8 i USA til 1,9 i Europa. Tabellen under viser kor stor del av prøvene som inneheldt mikroplast.

Tidlegare klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) uttalte at det måtte settast i gang undersøkingar då nyheita blei kjent i fjor.

– Vi har vore svært opptatt av plast i vassdrag og i havet. Men, denne undersøkinga har gjort oss merksame på drikkevatnet også, sa han til Dagbladet.

– Arbeidet må halde fram

Hofshagen håper no at andre land vil dra nytte av dei norske resultata og metoden som dei har brukt i undersøkinga.

Mikroplast

Mikroplast i naturen kan kome frå mange forskjellige kjelder, blant anna dekkslitasje, kosmetikk, og tekstilar.

Foto: Bjørn Steinar Gundersen / NRK

– Denne studien har gått grundig til verks for å få sikre svar. Det er viktig at kunnskapsutviklinga i samfunnet held fram og at analyseverktøya blir utvikla. Då kan ein sjå nærare på både mikro- og nanoplast, og få best mogleg grunnlag til å vurdere behova for tiltak.

Ho vektlegg at arbeidet må halde fram.

– Vi må jobbe for å få kontroll på plastforsøplinga og hindre at plast hamnar i naturen. Det er ein stor jobb, både å sikre vasskvaliteten og hindre forureining frå plast.

Vidare målingar

Renseanlegg Ålesund

David Mertsching, konstituert teamleiar for vatn i Ålesund kommune, seier dei vil følge situasjonen i Brusdalsvatnet tett.

Foto: Alf- Jørgen Tyssing / NRK

Like ved Brusdalen i Ålesund går trafikken på E39. Mange har frykta at mikroplast frå bildekk skulle hamne i drikkevasskjelda. Kommunen har difor gått inn for å flytte vegen, noko som framleis er aktuelt.

– Mikroplast kan ha mange forureiningskjelder, også frå vegen. Vi er glad for at prøvene viser lite eller ingen mikroplast, men vi skal framleis følge nøye med og teste vatnet jamleg, seier David Mertsching, i Ålesund kommune.