Plastpiratene Plastpiratane

Desse piratane grev ikkje etter gull og edle steinar på stranda. Dei jaktar på plast. Og fangsten er enorm.

Foto: Terje Reite / NRK

– Vi MÅ klare å rydde strendene våre

LEPSØY (NRK): Dei kallar seg «Plastpiratene» og brukar stå-på-vilje, sosiale medium, styrke og humør til å fjerne plast frå strendene på øya si. – Det kan sjå uoverkomeleg ut, men vi må klare dette, seier dei.

Vi er i fuglefredingsområdet Sandbukta på Lepsøya på kysten av Møre og Romsdal. Eit tjuetals grågås beitar på grasbøen nedover mot sjøkanten. Ute på odden mot Lausundet kan vi skimte havørn som følgjer med kvar bevegelse til dei to som kjem gåande med sekkar og spade.

Plast, o'hoi!

Dei to er venninnene Randi Kjærstad Hagerup og Beate Amalie Kjerstad. Sidan 8. mars 2017 har dei kalla seg «Plastpiratene». I kvar ei ledig stund er dei piratar. Og dei treng ikkje skattekart. På øyparadiset på mørekysten ligg «skattane» strødd rett framfor føtene deira. Dei har bestemt seg for å reinske øya si for plast.

– Finn vi plast så tek vi det. Plast o' hoi, er blitt mottoet vårt, seier dei entusiastisk. Slik har piratane på den vakre sandstranda skapt engasjement og har fått med seg mange av dei litt over 300 innbyggarane på øya.

Vi hadde lyst til å gjere noko for nærmiljøet. Så balla det på seg.

Plastpiratene på Lepsøya
Beate Amalie Kjerstad Plastpiratene Plastpiratane

Beate Amalie Kjerstad i full gang med plastinnsamlinga. Nede i strandgraset ligg det store mengder plast av ulikt slag.

Foto: Terje Reite / NRK

– Må ta det no

Tørt strandgras når dei to piratane til knehøgde. På avstand ser idyllen ut til å vere rein, urøyrd norsk kystnatur. Men straks ein stoppar, bøyer seg ned og grip tak i første biten med søppel, ser du enorme mengder plast, delvis skjult av sand, steinar og vegetasjon.

– Det er viktig å få fjerna dette no før graset byrjar å gro seinare i vår, seier Randi Kjærstad og tek tak i ei lang remse på grøn not. Dette er noko som er kappa av frå ein trål eller noko. Og når ein byrjar å dra i éin taustump så er det utruleg kva som kjem opp. Det sit forferdeleg fast. Vi skulle hatt ein pirat med traktor, skrattar ho.

Kanskje nokon vil vere plastpiratar saman med oss? Tenk om mange ropar JAAAA!

Plastpiratene på Lepsøya

På Lepsøya har mange blitt med. Ein gong i månaden er barnehagen på tur i fjøra og hjelper til med rydding. Og mange vaksne på øya har også vore med på ryddinga. Dei har laga eit system der det står ute store dunkar som elles blir brukt i landbruket. Her ligg det sekkar som folk kan plukke plast i og der er god plass til å legge frå seg dei fulle sekkane. Deretter sørger piratane for at plasten blir levert til avfallsselskapet.

Plastpiratene Plastpiratane Randi Kjærstad Hagerup og Beate Amalie Kjerstad

11. april gjekk vårens første lass plast til avfallsselskapet. Bilen fekk med seg 5,6 tonn plast denne dagen.

Foto: Beate Amalie Kjerstad/Randi Kjærstad Hagerup / Plastpiratene

Enorme mengder

Beate Amalie Kjerstad og Randi Kjærstad Hagerup er «plastpiratar» i eit av dei mest plast-forureina havområda i Noreg. Gjennom prosjektet Mareano har Havforskingsinstituttet kartlagt forureininga i 13 år. Utanfor mørekysten er det ikkje uvanleg å observere 7 tonn søppel pr kubikkilometer. Mykje av søppelet kjem med havstraumane som feiar nordover den austre delen av Atlanterhavet, Nordsjøen og Norskehavet.

– Men vi kan ikkje berre skulde på utanlandsk søppel. Vi finn mengder av både Solo-flasker og Idun ketchup, som definitivt kjem frå Noreg. Og mykje av det marine søppelet stammar frå fiskeflåten, der Noreg står for ein vesentleg del, seier Randi Kjærstad Hagerup.

– Forferdeleg, men gøy

Med hjelp frå skulen, lag, foreiningar og privatpersonar samla dei inn over 11 tonn på øya i fjor. Så bestemte dei seg for å samle inn dobbelt så mykje i 2018. Berre på nokre veker har dei no samla inn nær 6 tonn plast.

– Det er først no sesongen byrjar. Og vi har alt samla snart 6 tonn. Eigentleg er det heilt forferdeleg at det skal vere så mykje. Men samtidig er det innmari gøy.

På Lepsøya har så godt som alle fått med seg at dei to venninnene har vald kampen mot plasten som hovudaktivitet på fritida. På den vesle butikken på øya er det litt godlynt vitsing om aktiviteten, men folk er med og haldningane til denne forma for strandrydding har endra seg.

– Eg får sjølvsagt at og til eit spørsmål med eit lurt smil om eg ikkje skal ha ein plastpose når eg handlar. Men eg opplever først og fremst at folk er blitt meir opptekne av plast­forureininga. Fleire tek med seg handlenett til gjenbruk og folk tykkjer det er forferdeleg å sjå fugl og fisk som har teke skade av plasten, seier Randi Kjærstad Hagerup.

Det blei funne ein oter med tau rundt halsen. Då tenkte eg at NO må vi rett og slett gjere noko.

Beate Amalie Kjerstad
Plastpiratane Plastpiratene Randi Kjærstad Hagerup og Beate Amalie Kjerstad

Dei er ekte piratar. Finn dei plast så tek dei det. Og dei ropar: «Pllast o'hoi»!

Foto: Terje Reite / NRK

Heile kysten er med

Langs heile kysten er folket i gang med å rydde. I Giske i Møre og Romsdal samla aksjonsgruppa «Plastfritt Giske» inn 5,7 tonn plast på éi helg i april. I fjor samla gruppa 23 tonn.

I 2018 har 71 prosjekt over heile landet fått til saman 320 millionar kroner frå Miljødirektoratet til å samle inn marint søppel. Året før fekk 26 prosjekt 35 millionar kroner, som igjen var ein auke på 20 millionar kroner. Men interessa er mykje større. Då ein gråknebbkval blei funnen død med 30 plastposar i magen søkte over 200 prosjekt om støtte til strandrydding.

Plastpiratene på Lepsøya var blant dei som søkte om pengestøtte for 2018. Men dei blei liggande i den store bunken som fekk nei frå Miljødirektoratet.

– Vi brukar ikkje energi på å vere lei oss fordi vi ikkje fekk støtte derifrå. Finn vi plast så tek vi det. Plast o'hoi, seier dei og står på vidare.

Vi finn dei merkelegaste tinga. Vi har funne fleire kjøleskap også. To der borte og eitt bortafor der ...

Plastpiratene på Lepsøya
Magesekken til avlivet gåsenebbhval

Funnet av desse plastposane i magen på ein grånebbkval sette fart i interessa for å rydde strendene for plast.

Foto: Christoph Noever / Universitetet i Bergen

«Plastpiratene» blir nasjonal organisasjon

Heilt uavhengig av initiativet frå kvinnene på Lepsøya har det denne våren blitt etablert ein organisasjon med namnet «Plastpiratene» på Ringerike. Organisasjonen er berre nokre veker gamal og tek mål av seg til å bli nasjonal.

– Etter at vi etablerte organisasjonen høyrde vi at det at var to damer på Møre som sidan i fjor har operert under det same namnet som vi har tatt. Og det er bra. Vi treng piratar over heile landet, seier initiativtakar Knut Erik Iversen på Hønefoss.

Denne organisasjonen startar no arbeidet på Ringerike og bevegar seg tidleg i mai til Drammen, Mjøndalen og strekninga nedover til Sørlandet.

– Etter kvart skal vi også bevege oss oppover langs kysten av Vestlandet. Vi satsar på å bli ein organisasjon som dekkjer heile landet, seier Iversen.

Hele Norge Rydder

Også NRK engasjerer seg med ryddedugnad over heile landet. Ingen kan ta alt, men alle kan ta litt, er mottoet for aksjonen «Hele Norge rydder». Vi har sett det triste synet av at fuglefjellet på Runde er blitt fullt av plast. Ei øy i Holdaland er så tilgrisa med plast at ho har fått tilnamnet «Skrekkens øy». Og at plastforureining er eit globalt problem har vi sett på besøk på den norske utposten Bouvetøya.

Frå Sogn og Fjordane kjem det meldingar om konfirmantar som ryddar søppel. I Lofoten kan det vere problem med å bli kvitt alt søppelet som blir samla inn. I Florø har Børje Møster seld garden sin og brukte ein halv million kroner på å rydde plast i havet. Dette er berre nokre døme på engasjementet som er i ferd med å reise seg over heile landet.

LIDENSKAP: I fjor selde Børje Møster garden sin på Manger Nordhordland og aksjane i eit firma han var med på å starta opp. Pengane har han brukt på ein seglbåt som han no reiser langs heile kysten med for å rydda plast frå februar til november. Det har kosta han 500.000 kroner.

– Bra at vi blir fleire

På Lepsøya kaukar grågåsa i kapp med måseskrika. Havørna med det breie vengjespennet sig sakte inn over land i den tidlege vårbrisen. Noko har skremt opp gåseflokken og dei flyg i formasjon over hovuda til dei to plastpiratane, neste som å minne oss på kor sårbar naturen er.

Nokon tykkjer kanskje vi er blitt litt plast-nerdete. Og, ja, enkelte gongar flyg tida. Vi tenkte vi skulle ut på ein liten tur, men så ser vi plutseleg at det har gått fem timar! Ja, ja, den middagen får vi lage ein annan gong, seier vi då.

Plastpiratene på Lepsøya
Plastpiratane Plastpiratene Randi Kjærstad Hagerup

Randi Kjærstad Hagerup nøyer seg ikkje med berre å plukke. Her må det også gravast og rivast for å få opp all plasten.

Foto: Terje Reite / NRK

Plastpirat Beate Amalie Kjerstad ser ettertenktsomt ut over strendene og gjentek:

– Vi må klare dette. Vi hadde tenkt at vi skulle få vekk det gamle for å få kontroll på det nye som kjem i land. Men her er mykje. Og vi held på her på vår eiga øy. Vi har verdas lengste kystlinje om vi tek med alle dei mange hundre tusen øyane. Og vi har berre eitt hav. Draumen vår er at det skal bli mange plastpiratar langs heile kysten. Alt no ser vi at det er mange plastpiratar langs heile kysten. Og når vi er mange så monnar det. Då er det også veldig inspirerande å jobbe med dette.

Dette SKAL vi klare!

Plastpiratene på Lepsøya
Plastpiratene Plastpiratane Beate Amalie Kjerstad

Beate Amalie Kjerstad er overtydd om at befolkninga skal klare å rydde kysten for plast. – Draumen vår er at vi skal bli mange plastpiratar langs kysten, seier ho.

Foto: Terje Reite / NRK
Mens du har lest denne artikkelen har det havnet 0.0 tonn plast i havet. Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Mens du har lest denne artikkelen har det havnet0,0 tonnplast i havet

Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Ta quizen og redd hvalen