Hopp til innhold

Fann 1.2 tonn dumpa bilbatteri i skjergarden

I samband med rydding fann dykkarar over 1 tonn med bilbatteri i skjergarden utanfor Farsund. – Vi kan ikkje rydde for evig, seier dykkar.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det har vore ei travel veke for dykkarar på Sørlandet denne veka.

Søgne dykkarklubb henta opp 1,2 tonn med dumpa bilbatteri frå Farsund-skjergarden denne veka.

– Det er skremmande, det er mykje graps som ikkje høyrer heime på havbotnen, fortel Karl Klungland, leiar i Søgne dykkarklubb.

Les også Slakter Norges vern av sårbare havområder

Steinbit som ligger og hviler på havbunnen

Han fortel at dei finn mykje søppel, men også mykje såkalla spøkelsesreiskapar som framleis står og fiskar.

Ryddinga skjer i samband med Havmonsteruka, der Farsund ungdomsskule og dykkarklubben går til kamp mot søppel i havet.

Det blei også henta opp 161 etterlatne teiner, garn og rusar.

bilbatterier hentet opp i Farsund

1,2 tonn med bilbatteri blei henta opp i skjergarden utanfor Farsund.

Foto: Norsk Fyrforening

8 år med rydding

Søppelrydding langs Sørlandskysten starta i 2015.

Ulike dykkarklubbar har gjennom åra plukka opp 8000 gjenstandar men det er mykje igjen

Dei starta opphavleg med å sjå etter spøkelsesreiskapar, men så fort at det var mykje anna òg.

– Det var heilt tullete og ikkje ta det med, når vi først var under vatn, seier Klungland.

Karl Klungland i Søgne Dykkerklubb.

Karl Klungland er leiar i Søgne dykkarklubb.

Foto: Kai Stokkeland / NRK

Over 14.000 tonn rydda

På landsbasis har er det registrert at rundt 14.100 marint søppel har blitt rydda frå 2015 og fram til i dag.

Det viser oversikta Ryddestatus Noreg frå Miljødirektoratet.

Aksjonane er gjennomførte av frivillige og dei som jobbar med marin forsøpling.

Dykkarane jobbar på dugnad, men håpar å få dekt utgiftene. Men for at havbotnen skal halde fram med å vere rein, må det meir til.

Les også Har plukket 12.000 tonn forsøpling i Norge: Bare en dråpe i havet

Plastbos i Hardanger

Ævearbeid

Gjennom dei siste åra har dykkarane blant anna funne bildekk, bilbatteri, møblar, båtar.

– Vi blir nok aldri ferdig med mindre vi gjer noko med tilførselen.

Han meiner folk må bli meir bevisste. Han meiner også det må til regelverksendringar for fiskereiskapar.

– Vi kan ikkje halde på med dette til evig tid.

Siste nytt fra NRK Sørlandet

null
Spiller nå
Åpnet verdens største bikube 00:36
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 13 1,17 kr
Dyrest kl. 08 2,04 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,6 kr 25 min.
  • Dusje 6,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,8 kr En vask
  • Varmeovn 1,5 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %