NRK Meny
Normal

Fuglefjellet på Runde er fullt av plast: – Det er frykteleg trist

På Runde byggjer fuglane reir av garn- og taurestar i staden for gras. Forskarar er skremde over utviklinga.

På Runde byggjer fuglane reir av garn- og taurestar i staden for gras. Forskarar er skremde over utviklinga.

SE VIDEO: På Runde byggjer fuglane reir av garn- og taurestar i staden for gras. Forskarar er skremde over utviklinga.

Ytst i havgapet i Herøy på Sunnmøre ligg fugleøya Runde. Det er det største fuglefjellet sør for polarsirkelen. Kvart år erobrar meir fleire hundre tusen fuglar øya i løpet av hekkesesongen. Fjellsida er no full av fuglar og fuglereir. Men ser du nøye etter er det også tydelege innslag av blå, grøne og oransje plastbitar. Søppelet er i ferd med å ta over fjellet.

– Det er frykteleg trist. Det er ikkje slik det skal vere. Vi vil helst sjå reir som er bygd av naturlege materiale. Når ein ser fargane i fjellet, så er det eit tydeleg teikn på at noko er gale, seier forskar og prosjektansvarleg for NTNU Circular Ocean, Dina Margrethe Aspen.

– Må ta grep

Kvart år endar minst åtte millionar tonn plast i havet. Ein rapport frå World Economic Forum viser at det i 2050 vil vere meir plastsøppel enn fisk i verdshava dersom det ikkje blir gjort noko snart. Rapportar viser at om lag éin million sjøfugl og om lag 100.000 sjøpattedyr dør av plast kvart år, og problemet er aukande.

Plast Runde fuglefjellet

Fuglefjellet på Runde er heim til mange viktige fugleartar. No er fjellet fullt av plast.

Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK

Fuglefjellet på Runde er heim for ein rekke viktige fugleartar. No er fjellet fullt av plast og i sjøkanten flyt det taurestar og plastbitar. Havforskar Nils-Roar Hareide ved Runde Miljøsenter meiner at fiskenæringa har mykje av skulda.

Odd Kristian Dahle

Odd Kristian Dahle, informasjonsleiar i Fiskebåt, seier den norske fiskenæringa må gjere sin del for å stoppe plastsøppel i havet.

Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK

– Om lag halvparten av plasten vi ser her kjem frå fiskeri. Eg kan rett og slett ikkje forstå at fiskarane ikkje tek vare på avfallet sjølv, når dei utnyttar ressursane i havet, seier han.

Organisasjonen Fiskebåt representerer om lag 200 havfartøy. Informasjonsleiar, Odd Kristian Dahle, fortel at næringa er svært opptatt av plastproblemet i havet. Han vektlegg at dette er eit globalt problem, men at vi også må gjere vår del.

– Vi har nulltoleranse mot å kaste ting på sjøen, og det finst mange gode returordningar og varslingstenester dersom ein mister noko på sjøen. Det er heilt uakseptabelt, seier han.

Fuglefjellet på Runde

I fuglereira på Runde ser ein tydeleg spor av plastsøppel. Tau- og garnrestar utgjer store delar av fuglereira på fjellet.

Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK

– Søppel er ein ressurs

Gjennom prosjektet Circular Ocean skal prosjektpartnarar frå Storbritannia, Danmark, Irland og Norge synleggjere korleis søppelet kan vere ein ressurs og opne nye moglegheiter både for miljøet, næringslivet og framtidas arbeidsplassar.

Dina Margrethe Aspen

Dina Margrethe Aspen jobbar for å synleggjere korleis plastsøppelet faktisk kan vere ein ressurs.

Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK

Prosjektet testar blant anna gjenbruk av dumpa garn og tauverk, som i dag utgjer ein alvorleg trussel for det marine økosystemet, fiskeriet og lokalsamfunn langs kysten. Fiskeridirektoratet har årleg ei oppreinsking langs norskekysten og sidan 1984 har det blitt henta opp om lag 19.000 fiskegarn.

– Vi jobbar for å fjerne fiskereiskap som er på avvege i naturen, og sørge for at det blir resirkulert. Og at den ressursen som er i det, blir ført tilbake frå naturen til den økonomiske sfæren, seier Dina Margrethe Aspen.

Mens du har lest denne artikkelen har det havnet 0.0 tonn plast i havet. Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Mens du har lest denne artikkelen har det havnet0,0 tonnplast i havet

Det tilsvarer 0 flasker eller 0 bleier.

Ta quizen og redd hvalen