Hopp til innhold
GBL-beslag på Sunnmøre
Foto: Aleksander Båtnes / NRK

GHB på Sunnmøre

Oppsummert

I 2016 var det ei stor auke i overdoser som følge av GHB og GBL på Sunnmøre. Dei siste åra har politiet gjort rekordstore beslag av dei narkotiske stoffa.

  • Økt bruk av GHB under korona

    Politiet i Møre og Romsdal har gjort flere større beslag av ulovlige narkotiskestoff under koronapandemien. – En del av sakene har vært knyttet til GHB, sier Kjell Arne Hestad i Møre og Romsdal politidistrikt.

  • Importerte store mengder GHB

    Ein mann frå Nordfjord i 20-åra er tiltalt for å ha importert 27 liter GHB til landet. I fjor haust skal han også ha gøymt ulike typar narkotika på eit solstudio og eit hotellrom i Ålesund, og i ein båt. Han er også tiltalt for ruskøyring. Saka mot han kjem opp for retten i desember.

  • Dømd til fengsel for GBH/GBL

    Ein 29 år gamal austeuropeisk mann er dømd til fengsel i to år og ti månder for omfattande sal og produksjon av GHB/GBL. I løpet av ein toårsperiode selde han meir enn 47 liter, og retten slår fast at det har vore profittmotivert og kynisk. I tillegg til fengselsstraffa er han dømd til inndraging av 676 000 kroner, frå narkotikasal. Mannen vedgjekk ikkje straffskuld, og ankar dommen.

    Funn av GHB
    Foto: Synnøve Hole / NRK
  • Krever fengsel i knappe tre år

    Aktor har lagt ned påstand om fengsel i to år og ti måneder for mannen som som er tiltalt for produksjon og salg av store mengder GHB eller GBL. Den østeuropeiske mannen er tiltalt for å ha innført og oppbevart minst 60 liter og videresolgt i ålesundsområdet for over en halv million kroner. Politiet på Sunnmøre beslagla rekordstore mengder av det narkotiske stoffet i fjor, og hevder mannen har vært en sentral aktør i miljøet. Forsvareren ba i retten i dag om at mannen skulle frifinnes, eventuelt dømmes på mildest mulig måte.

    GHB
    Foto: Øyvind Johan Heggstad
  • Nekta straffskuld

    Mannen som er tiltalt for produksjon og sal av store mengder GHB eller GBL sa seg ikkje skuldig, då rettsaka mot han starta i føremiddag. Den austeuropeiske mannen er skulda for å ha innført og oppbevart minst 60 liter og vidareselt i ålesundsområdet for over ein halv million kroner. Politiet på Sunnmøre beslagla rekordstore mengder av det narkotiske stoffet i fjor, og hevdar mannen har vore ein sentral aktør i miljøet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL