Hopp til innhold

Politiet undersøkjer opplysningar om farleg stoff etter to dødsfall

I løpet av kort tid har det vore to dødsfall i Ålesund, som politet no undersøkjer kan vere knytt farlege narkotiske stoff.

Ålesund politistasjon

ÅLESUND: Politiet undersøkjer opplysningar om farleg stoff i omløp i Ålesund.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

– Ein mann og ei kvinne i 20-åra har med kort tids mellomrom blitt funnen død i Ålesund. Det er i samband med dette vi ønskjer å gå ut å åtvare mot spesielt GHB, seier politiinspektør Yngve Skovly.

Yngve Skovly

FARLEG: Politiinspektør Yngve Skovly seier stoffa som er i omløp kan vere veldig farleg.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / nrk

Han peikar på at det foreløpig er for tidleg å seie noko om dødsårsaka til dei to som i løpet av helga og på måndag vart funnen død.

– Det er spesielt at to så unge døyr med så kort mellomrom, seier han.

Politiet ventar no på svar på prøvene frå dei omkomne, for å kunne seie kva som har skjedd.

– Vi ventar framleis på resultata av dei rettsmedisinske undersøkingane, noko som kan ta tid. Politiet har fått informasjon om at ein av dei avdøde kan ha innteke GHB i forkant av dødsfallet, seier politiinspektør Yngve Skovly.

Får ikkje ut informasjon

Det er etter rykte i sosiale medium som gjer at politiet ønskjer å gå ut med opplysningar om at det kan vere farlege stoff i omløp.

Skjermdump frå jodel.

SOSIALE MEDIUM: Blant anna på den anonyme appen, Jodel, har nokon åtvara mot livsfarleg narkotika som skal ha vore i omløp.

Foto: Skjermdump frå Jodel

Politiet har teke beslag av ulike typar narkotika den siste tida. Politiet åtvarar mot all bruk av narkotika, og særleg mot bruken av GHB.

– GHB er i utgangspunktet eit veldig farleg stoff frå før, men vi undersøkjer no om det er snakk om farlegare stoff i omløp, seier Skovly.

Vanskeleg å informere

Eva-Brit Langva i Kirkens Bymisjon i Ålesund, meiner byen burde få på plass eit lågterskeltilbod til rusavhengige, som blant anna kan informere rusavhengige om farleg narkotika som er i omløp.

– Hadde vi hatt eit slikt tilbod oppe og gå no, så kunne vi ha åtvara mot dette mykje tidlegare, seier ho.

Eva-Brit Langva

FOR DÅRLEG TILBOD: Eva-Brit Langva meiner tilbodet til dei rusavhengige i Ålesund er for dårleg. Ho er sjølv tidlegare sprøytenarkoman, og jobbar no i kirkens bymisjon.

Foto: Ragnhild Vartdal / NRK

Ho peiker også på at koronakrisa også har skapt problem for kva rusmiddel ein kan få tak i.

– Når marknaden er meir ustabil som no, så har ikkje dei rusavhengige moglegheit til å vere kresen på kva dei tek, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL