Ein person omkomen etter overdose av GHB

Ein person er funnen omkomen i heimen sin, etter det politiet mistenker er ein overdose av det narkotiske stoffet GHB. To andre ligg på behandling på sjukehuset i Ålesund etter å ha teke overdose av stoffet.

Ålesund sjukehus

To personar er lagde inn på Ålesund sjukehus etter overdose av det narkotiske stoffet GHB. Ein person er stadfesta omkomen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Det opplyser politiet i Ålesund i ei pressemelding tysdag.

Til saman har politiet registrert minst fem tilfelle av overdose av stoffet GHB. Tre av tilfella skjedde natt til tysdag, på ulike stader.

– På bakgrunn av undersøkingar som er gjorde, meiner vi å kunne fastslå at det er urein GHB i omløp i Ålesunds-området. Dette inneber at det er knytt stor fare til å innta stoffet. Vi vil på det sterkeste åtvare mot bruk av det stoffet som no ser ut til å vere relativt lett tilgjengelig i byen, seier politiadvokat Mathias Häber i Møre og Romsdal politidistrikt.

Bruken skal ha aukt

Etterforskarar frå Ålesund arbeider no med å finne kjelda for stoffet som er i omløp. Politiet skriv i pressemeldinga at dei har inntrykk av at bruken av GHB har aukt her i distriktet den siste tida.

Mathias Häber

Politiadvokat Mathias Häber seier at politiet no set i gang etterforsking for å finne ut kvar GHBen kjem ifrå.

Foto: Lise Kristin Valgermo / NRK

– Sjølv om vi no har mest fokus på det vi mener er ureint stoff som er i omløp, er det grunn til å åtvare sterkt mot bruk av GHB generelt. Det er vanskeleg å dosere og overdosar kan lett gje fatalt utfall, seier politiadvokat Häber.

Dei to som er innlagt på sjukehus, skal ifølgje politiet no vere vakne og medvitne. I tillegg har to andre vore innlagt på sjukehus, men dei er no skrivne ut.

– Vi etterforskar no saka, med mål om å finne kjelda til stoffet. Ut i frå det vi veit no, virkar det som om personane har teke stoffet frivillig, og med vitande og vilje, seier Häber.

Ikkje blant dei vanlegaste stoffa

Seksjonsleiar i RUStelefonen, Sturla Johansen, opplyser at GHB ikkje er blant dei vanlegaste narkotiske stoffa i omløp.

– Både cannabis, ecstasy, amfetamin og kokain er hyppigare i omløp. Men det farlege ved GHB er at det ikkje er langt frå ei ønskt brukardose til ei overdose. Det finst heller ikkje motgift mot stoffet, seier Johansen.

Politiet mistenker altså at såkalla "ureint GHB" er i omløp i Ålesund. Johansen trur det kan vere snakk om GHB blanda med eit anna stoff.

– Tradisjonelt har lut vorte brukt i framstillinga av GHB, og dersom det vert for mykje lut i blandinga, kan det ha ein sterkt etsande verknad, seier Johansen, utan at han kan seie at det er dette som har skjedd i denne saka.