Hopp til innhold

Meiner dei har stoppa sentral kvinne i narko-nettverk

Politiet meiner dei har stoppa ein sentral aktør i narkotikamiljøet i Ålesund. Ei 38 år gamal ålesundskvinne må no i fengsel i 3 år og 5 månader.

Politihuset i Ålesund

Politietterforskarane skal ha kome på sporet av ein annen sentral aktør, då dei gjekk gjennom mobiltelefonen til kvinna som no er dømd. Saka mot han kjem opp i januar.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Det var før jul i fjor politiet igjen kom på sporet av den 38 år gamle kvinna, som er domfelt 12 gongar dei siste tjue åra.

I retten la politiet fram bevis på at kvinna har oppbevart litervis med GHB/GBL, og hatt omfattande telefonkontakt med til saman 36 tidlegare narkotikadømde personar. Retten meiner dette viser at ho er ein sentral aktør i eit omfattande nettverk der kjøp, sal og bruk av narkotika er fellesnemnaren.

Sindre Ryssevik

Etterforsksleiar Sindre Ryssevik hos politiet seier kvinna dei no har stoppa, har vore rekna for å vere ein sentral aktør i narkotikamiljøet.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

– Vi reknar henne for å vere ein sentral aktør pmellom anna å grunn av dei mengdene med stoff vi har beslagslagt frå henne, stadfestar politioverbetjent Sindre Ryssevik hos politiet.

Arrestert austeuropear

Frå før er det kjent at politiet i Ålesund har arrestert ein austeuropear som skal vere sentral i den same saka. I sommar sa politiet at dei hadde funne over 20 liter GBL som hadde tilknyting til mannen. Han blei også sikta for heleri av minst 600 000 kroner.

I samband med ransaking hos mannen skal dei også ha funne oppskrift for korleis ein lagar GHB av GBL.

Mannen har site varetektsfengsla sidan i mai, og rettsaka mot han startar i januar.

Les også:

Blir ikkje dømd for det største beslaget

Det var etter alt å dømme ålesundskvinna som førte politiet til den austeuropeiske mannen. I den nye dommen frå Sunnmøre tingrett kjem det fram at politiet i desember 2016 fann vel tre liter GBL/GBH heime hos kvinna. Då dei gjekk gjennom mobilen hennar, oppdaga dei at ho skal ha kommunisert med mannen om endå meir stoff, som skulle vere gøymt i bilen hennar.

Då politiet kom fram til adressa, fann dei 10,5 liter GBL.

Begge nektar for at stoffet høyrer til dei, og politiet har ikkje klart å bevise kven det høyrer til. Trass i at det er funne DNA frå kvinna på bagen der stoffet låg, meiner retten at dette ikkje held til å dømme henne.

Lena Romestrand

Politijurist Lena Katrin Romestrand meiner godt politiarbeid førte til at dei fann over ti liter GHB/GBL i Ålesund før jul i fjor. Så langt er ingen dømt for å eige stoffet.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Politijurist Lena Katrin Romestrand avviser at politiet ikkje har vore flinke når dei ikkje klarer å knyte stoffet til henne.

– Nei, tvert om er det eit godt stykke politiarbeid som gjer at vi klarer å finne stoffet i det heile tatt. Det visste vi ikkje om då vi pågreip henne, seier Romestrand.

Nedfrosen urin

No må kvinna i fengsel. Sist ho blei dømd, i mars 2017, fekk ho ei fengselsstraff på 4 år, der 3 år og 2 månader var på vilkår, mot at ho gjennomførte eit kursopplegg for narkotikadømde. Men i dommen heiter det at kvinna gjennom framferda si har vist at det ikkje er grunnlag for å halde fram narkotikakurset. I dommen kjem det fram at ho mellom anna har frose ned urin for å kunne dokumentere reine prøvar.

Advokat Reidar Andresen

Reidar Andresen er forsvarar for kvinna som no er dømd til fengsel. Han har ikkje fått lese dommen endå, og vil difor ikkje kommentere han.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Når ho no har gjort seg skuldig i endå fleire narkotikalovbrot, må ho sone den gamle fengselsstraffa, i tillegg til tre månader for det siste ho har gjort.

Dermed må kvinna no i fengsel i 3 år og 5 månader.

Reidar Andresen, som representerer kvinna, seier han ikkje har rekt å lese dommen eller snakka med kvinna. Han vil difor førebels ikkje kommentere dommen.