Hopp til innhold

Avhøyrer 26 personar i GHB-sak i Ålesund

Politiet på Sunnmøre avhøyrer no 26 personar i arbeidet med å rulle opp det som kan vere ei omfattande GHB-sak.

Ålesund politistasjon

Politiet har fått medhald i å fengsle ein mann i nye fire veker, mellom anna etter å ha lagt fram i retten det dei meiner er ei oppskrift på korleis ein lagar GHB av det narkotiske stoffet GBL.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Torsdag blei den utanlandske mannen som er mistenkt for å vere hovudmannen, varetektsfengsla på nytt i fire veker, med brev- og besøkskontroll. I rettsavgjerda omtalar politiet han som ein sentral aktør i ei narkotikasak der det er beslaglagt betydelege stoffmengder og store pengesummar.

Skal ha funne fleire liter GBL

Mannen har sitte fengsla sidan 8. mai, då han blei pågripen etter at politiet hadde spana på han. I samband med pågripinga opplyste politiet at det blei funne over 20 liter av det narkotiske stoffet GBL på eit loft og i mannen sin bil.

I ettertid er han også sikta for heleri av minst 600 000 kroner.

Lena Romestrand

Politiadvokat Lena Katrin Romestrand ved Møre og Romsdal politidistrikt stadfestar at dei no avhøyrer ei rekkje personar i samband med GHB-saka som er under etterforsking.

Foto: Politiet

– Vi veit ikkje kor stor saka kan bli, det er for tidleg å seie, seier politiadvokat Lena Katrin Romestrand til NRK Møre og Romsdal.

GBL er eit narkotisk stoff som blir brukt til å lage GHB, og begge stoffa blir brukte for å gje rus.

Les også:

Fryktar bevis kan gå tapt

Retten var torsdag samd i at det er stor fare for at mannen i slutten av 30-åra vil øydeleggje bevis i saka, dersom han skulle bli lauslaten no. Han blei dermed fengsla på nytt.

Politiet skal ha tatt beslag i mannen sine notatblokker, og viser til at dei inneheld namn og telefonnummer til i alt 26 personar. Desse skal politiet vere i gang med å avhøyre. I tillegg går etterforskarane no gjennom den kommunikasjonen som mannen har hatt med omverda, og retten viser til at det eit stort materiale.

I noregstoppen på beslag av GHB og GBL

GBL-beslag på Sunnmøre

Politioverbetjent Sindre Ryssevik viste nyleg fram eitt av beslaga dei har gjort av GBL i det siste.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

NRK Møre og Romsdal skreiv nyleg om at Sunnmøre er i noregstoppen når det gjeld beslag av GHB og GBL.

I 2016 omkom ein person etter GHB-overdose, to andre hamna på sjukehus. Politioverbetjent Sindre Ryssevik uttalte nyleg til NRK Møre og Romsdal at dei trudde dei hadde fått stoppa ein sentral aktør, men ville ikkje stadfeste om det var den utanlandske.

Skal ha funne oppskrift for GHB

I retten torsdag blei det mellom anna lagt fram det som retten meiner truleg er ei oppskrift på korleis ein lagar GHB av GBL.

I rettsavgjerda torsdag heiter det også at retten er samd med aktor i at mistanken mot den sikta er blitt styrka sidan siste fengslingsmøte.

Romestrand seier dei førebels ikkje har arrestert fleire i saka.

– Vi ser ikkje for oss pågripingar i den næraste tida, men vil sjølvsagt vurdere det undervegs i etterforskinga, seier ho til NRK.

Advokaten til mannen, Sjur Engelsen Lange, seier hans klient ikkje erkjenner straffeskuld, og seier han ikkje har hatt befatning med stoffet.

Dei har difor anka forlenginga av varetektsfengslinga til Frostating lagmannsrett.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL