Hopp til innhold

I norgestoppen på beslag av GHB og GBL

ÅLESUND (NRK): Politiet på Sunnmøre beslagla rekordstore mengder «flytande ecstasy» i 2016. Allereie i mai 2017 hadde dei beslaglagt meir enn heile fjoråret.

GBL-beslag på Sunnmøre

DROPE I HAVET: Sindre Ryssevik viser eit lite beslag av GBL – eit stoff politiet på Sunnmøre ser mykje meir av for tida.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

To brusflasker med blank væske står på pulten til politioverbetjent Sindre Ryssevik. Han skrur av korka på den største flaska, luktar og konstaterer raskt at innhaldet er heimebrent.

Den minste flaska er ein annan sak.

Politioverbetjent Sindre Ryssevik

NOK Å GJERE: Sindre Ryssevik og kollegaene har dei siste åra jobba mykje med narkomiljøa på Sunnmøre. Spesielt etter at GHB førte til mange overdosar og eit dødsfall i 2016.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

– Innhaldet har ei kjemisk lukt, er litt seigare enn vatn og boblar når eg rister på flaska. Det er fleire ting som tyder på at dette er GBL, seier Ryssevik.

GBL er eit narkotisk stoff som ein kan blande ut for å få GHB. Men det kan også bli tatt i rein form.

Politiet på Sunnmøre har beslaglagt mykje av desse stoffa dei siste åra. Berre to politidistrikt beslagla meir i 2016. Oslo og Vestoppland.

Ifølge Ryssevik beslagla dei cirka 25 liter i fjor. I mai 2017 var talet allereie mellom 30 og 35 liter.

Har fjerna ein viktig aktør

For omtrent 10 år sidan begynte politiet på Sunnmøre å jobbe med eit prosjekt retta mot utanlandske, kriminelle bandar. Det gjer dei framleis og politioverbetjenten seier dei store beslaga er ein del av dette prosjektet.

– Samanlikna med resten av landet trur eg ikkje det er spesielt mange som bruker desse stoffa her. Men vi har hatt ekstra fokus på desse narkomiljøa det siste året, forklarer Ryssevik.

Politiet på Sunnmøre trur dei kan ha sett ein liten stoppar for utviklinga.

– No trur vi kanskje at vi har fått fjerna ein viktig aktør, seier Ryssevik.

Ålesund politistasjon

STORE BESLAG: Rekordstore mengder GHB og GBL har blitt sendt frå Ålesund politistasjon dei siste åra.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Svært farleg

– GHB er eit stoff som har overdosepotensial og kan vere dødeleg, så det er urovekkande, seier Egil Schistad.

Schistad er lege ved Ålesund behandlingssenter, der han spesialiserer seg i rus- og avhengigheitsmedisin. Han er klar over at det er ein del GHB i omløp på Sunnmøre.

GHB er litt som spritfylla, men langt sterkare

Lege, Egil Schistad
Egil Romslo Schistad

GRUNN TIL BEKYMRING: Egil Schistad er lege ved Ålesund behandlingssenter og jobbar med ruspasientar.

Foto: Aleksander Båtnes / NRK

Han seier GHB er spesielt farleg fordi det er så liten margin mellom dosane som gir sterk rus, og dosane som gjer at du sluttar å puste.

– Det kan minne om alkoholrus, ved at ein går opp i humør og får meir energi. Samtidig kan ein bli både forvirra og aggressiv. Etter kvart kan det gå over til at ein blir så sløv at ein rett og slett går i koma, forklarar Schistad.

Uendra på landsbasis

I rapporten skriv Kripos at beslagssituasjonen på landsbasis er omtrent den same som tidlegare år.

Men dei poengterer at 2015 var eit rekordår, på grunn av eitt stort beslag på 600 liter GBL.

Laster innhold, vennligst vent..

Kripos har brukt gamle politidistrikt i statistikken, for å kunne samanlikne med tidlegare år.

Sunnmøre politidistrikt gjorde eit stort beslag på slutten av året. Dette kom ikkje med i statistikken til Kripos, som viser beslag av 10,3 liter.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL