Hopp til innhold
Brosundet i Ålesund
Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Bypakke i Ålesund

Oppsummert

18. januar 2019 gjekk styringsgruppa i Bypakke Ålesund inn for eit alternativ med ein samla pakke til nesten 6, 5 milliardar kroner. Bypakka i Ålesund skal gjennomførast og betalast ned på berre 15 år.

  • Bypakken: Kutter i rabatten og åpner for mer bompenger

    Rabatten for nullutslippskjøretøy blir redusert fra 50 til 30 prosent i bypakken i Ålesund.

    Det er resultatet av vedtaket i fylkestinget i Møre og Romsdal i formiddag. Vedtaket åpner for at det kan bli en justering av bompengene på grunn av prisøkningen siden 2021

    Forslaget som fikk flertall, ble fremmet av tre politikere i Høyre.

    Vedtaket kan likevel bety at prosjekter som ligger inn i bypakken, blir tatt ut av prosjektet.

    I et brev fra bompengeselskapet Vegamot blir det pekt på at bypakken har en manglende finansiering på 1, 1 milliarder kroner dersom innstillinga fra fylkesutvalget ble vedtatt.

    Fylkespolitikere diskuterer bypakken i Ålesund under fylkestinget i april 2024.
    Foto: Trond Vestre / NRK
  • Ville ikke behandle bypakke Ålesund i dag

    Flertallet i fylkestinget i Møre og Romsdal ville ikke behandle bypakken i Ålesund i ettermiddag, men utsatte den til i morgen.

    Bakgrunnen er at bompengeselskapet Vegamot har påpekt at prisøkninga siden 2021 har ført til at bypakken er underfinansiert med 1,1 milliarder kroner.

    Flertallet i fylkesutvalget ville ikke justere bompengetakstene før 1.januar 2025. Flertallet ville også videreføre rabatten på 50 prosent for nullutslippskjøretøy.

    Dette kan føre til at ny bru over Brosundet, Miljøgate Campus, flere trafikktryggingstiltak står i fare for å ikke bli realisert.

    Høyres Monica Molvær begrunnet forslaget om utsettelse med at det var kommet nye opplysninger rett før fylkestingets behandling.

    Fylkestinget i Møre og Romsdal i april 2024.
    Foto: Trond Vestre / NRK
  • Fredag opnar Posthuskrysset og Korsegata

    Frå fredag kveld 19. april kan ein igjen køyre gjennom Posthuskrysset og Korsegata i Ålesund. Området har vore stengt sidan november, og deler av området sidan i sommar. Frå om lag klokka 21.00 fredag kveld vil ein kunne køyre i Posthuskrysset og Korsegata.

    – Trafikkomlegginga har gått bra i perioden, men vi ser fram til å opne Korsegata fredag kveld. Denne har fått ei oppgradering med mellom anna gode fortau, sykkelstativ og plantar, seier prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune, Erlend Aune.

    Arbeidet med kollektivknutepunktet i Ålesund sentrum er inndelt i fasar slik at det ikkje er byggearbeid i alle områda samtidig. – Vi er no inne i siste fase av byggeperioden i sentrumsgatene, seier Aune.

    Fredag åpner Posthuskrysset og Korsegata i Ålesund.
    Foto: Øyvind Berge
  • Sprengingsarbeid i samband med vegprosjekt

    Møre og Romsdal fylkeskommune melder at det vil bli noko sprengingsarbeid i samband med vegprosjektet mellom Blindheim og Flisnes.

    – Når det er sprenging i nærleiken av fylkesveg 60 vil denne bli stengt i korte periodar. Sprenging i nærleiken av fylkesvegen vil berre skje utanom rushtid, melder fylkeskommunen.

    Dei melder også at naboar til anlegget vil merke sprengingsarbeidet i ulik grad alt etter kvar ein bur, og at det er mogleg å få SMS-varsling i forkant av sprenginga.

  • Har starta på arbeidet mellom Blindheim og Flisnes

    Bypakke Ålesund har starta arbeidet med utbygginga av prosjektet Blindheim – Flisnes. Det melder fylkeskommunen.

    – Byggeperioden vil vare i om lag 2 år frå mars 2024, og skal utførast i fleire fasar for å ta omsyn til trafikantar, eigedomar og næring som grensar til prosjektet, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i ei pressemelding.

    Det blir mellombelse løysingar for trafikkomlegging i dei ulike fasane. Prosjektet inneber at fleire kryss skal leggast om, i tillegg til at det kjem betre løysingar for mjuke trafikantar. Ved Blindheimshallen kjem det ny rundkøyring.

    – I dei kommande vekene startar vi opp med bygging av omkøyringsveg i Ramsvika. Der skal det etablerast ein ny undergang for fotgjengarar. Vidare vil vi starte med sprengingsarbeid ulike stader innanfor anleggsområdet, seier prosjektleiar Erlend Aune.

Måndag startar bompengeinnkrevjinga i Ålesund.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL