Hopp til innhold

Går inn for milliard-bypakke i Ålesund med bompengar

Eit bompengeopprør har spreidd seg over heile landet. Men i Ålesund går politikarane inn for ein bypakke til nesten sju miliardar. Bilistane må betale 70 prosent i bompengar.

Brosundet i Ålesund

Brosundet i Ålesund er eit av områda der trafikken hopar seg opp i rushtida. Med bypakken skal det kome tunnel og ny bru.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Over heile landet er det eit stort bompengeoppør, og fleire stader seier lokalpolitikarar nei til bomringar. I Ålesund skal ein planlagt bypakke løyse problema med lange køar både i Ålesund sentrum og ut av byen.

Bypakken har blitt stadig større og dyrare, frå fire milliardar kroner til dagens 6,9 milliardar.

Hans Kjetil Knutsen

Hans Kjetil Knutsen (Ålesundlista) meiner at ein bør ta bort ny innfartsveg mellom Breivika og Vegsund for å spare tre milliardar kroner.

Foto: Hans-Olav Landsverk

Trur folk reagerer

Gjert Myklebust, styremedlem i NAF, meiner at bypakken i Ålesund er altfor stor og at politikarane må sjå på den opphavlege planen, som var halvparten.

– Dersom politikarane går inn for den store pakken, risikerer ein motstand og kanskje nokon opprettar eit bompengeparti, seier Myklebust.

Folket betalar mest

Det meste av rekninga, 70 prosent, er det innbyggjarane som skal ta, gjennom bompengar. Det er foreslått 13 bomstasjonar, der folk i snitt skal betale mellom 23 og 25 kroner. I rushtida vil det koste mellom 35 og 40 kroner å passere bommane.

– Ambisjonane er for store i forhold til kva vanlege folk er villige til å betale, seier Hans Kjetil Knutsen frå Ålesundlista.

Både Ålesundlista og Høgre ynskjer å ta bort ny innfartsveg mellom Vegsund og Breivika for å spare tre milliardar kroner. Denne strekninga låg først ikkje inne i bypakken, men for å få bruke pengane som er løyvd gjennom Nasjonal transportplan, sa Statens vegvesen at strekninga måtte vere inkludert i bypakken.

– Vi ligg på same nivå i bompengar som Bergen og der er det full baluba. Eg er bekymra, seier Øystein Tvedt (H).

Behandling av bypakke i Ålesund formannskap

Det var ein lang og vanskeleg debatt om bypakken i formannskapet. Saka skal vidare til bystyret 6. juni.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– Monsterpakke

Tysdag var bypakken oppe til behandling i formannskapet i Ålesund, og det var ein lang og vanskeleg debatt.

– Nok er nok. Vi kan ikkje vere med på denne monsterpakken, sa Geir Stenseth (Frp).

– Dette minner meg om Brexit. Sjølv om vi ikkje har folkeopprør, har vi såpass innsikt at vi ser at avtalen har gått over alle støvelskaft, sa Kirsti Dale (Uavhengig/Sp).

Då saka gjekk til avstemming, vart det eit knapt fleirtal på sju mot fem stemmer for å gå inn for bypakken i sin heilskap. Fleire av politikarane som stemte ja, såg at takstnivået for bompengar er høgt, men bypakken er løysinga både for å få bort køane og legge betre til rette for kollektivtrafikk, sykling og gåing.

– Mange har lyst til å bruke buss, men dei har ikkje tid når det tar dobbelt så lang tid å komme seg på jobb, sa Anne Berit Støyva Emblem (Ap). Også SV og MDG meiner bypakken er løysinga for å auke bruken av kollektivtrafikk.

Ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) hadde håpa på ei breiare semje om bypakken.

– Å få eit politisk fleirtal for ein bypakke i Ålesund har vore vanskeleg i mange år, seier Aurdal.

Bypakken skal endeleg avgjerast i bystyret 6. juni, før saka går til fylkestinget og stortinget.

Les andre saker om bompengar her: