Hopp til innhold

Her køyrer sunnmøringane for å unngå 20 kroner i bompengar

Trafikken har auka på den smale og kronglete bygdevegen etter at Ålesund innførte bompengar. – Skremande, seier Trygg Trafikk.

Oddvar Flø er ute på sin daglege trilletur i Utvikbygda i Ålesund kommune. Dei siste dagane har han sett ei urovekkjande utvikling. Stadig fleire bilar brukar dei kronglete og smale vegane.

– Det er mange ukjende bilar som kjem. Det er også ein del tungtransport, seier Flø. Vanlegvis har det vore mest bygdefolk og syklistar som ferdast på bygdevegen.

Han er bekymra for at det skal skje ei møteulykke i den farlege svingen like ved der han bur.

– Det er ein del nestenulykker, seier småbarnsfaren. Han opplever at dei som ikkje er kjend på vegen, ikkje veit kvar møteplassane er og det blir mykje rygging.

Oddvar Flø

Oddvar Flø bur i Utvikbygda og fryktar ulykker på dei smale vegane.

Foto: Remi Sagen / NRK

Sparer 20 kroner

22. august starta innkrevjinga av bompengar i Ålesund. For ei bompassering kostar det 20,80 kroner for ein fossilbil dersom du har Autopass-avtale

Gjennom den vesle bygda er det gratis å køyre og folk kan dermed kome seg til handlesenteret Moa utan bompengar.

Tal frå Statens vegvesen viser at trafikken i Utvikbygda har auka med 37 prosent sidan bompengeinnkrevjinga starta. Det betyr at frå eit snitt på 350 bilar, køyrer det no 480 bilar der dagleg.

Trygg Trafikk likar ikkje utviklinga.

– Det er skremmande at ein faktisk vel å køyre ein stor omveg og skape vanskelege situasjonar på kronglete veg for å spare 20 kroner, seier regionleiar Per Gjerde.

Trafikktelling i Utvikbygda

Statens vegvesen har trafikkteljing i bygda. Hittil har det vore ein auka på 37 prosent.

Foto: Remi Sagen / NRK

Må køyre ekstremt forsiktig

Også bussjåfør Per Ove Kalvøy i Fram er uroa. Dei siste fire åra har han køyrt Utvik-ruta dagleg. Han merkar at fleire av bilistane no er ukjende på vegen.

– Når du kjem rundt svingen veit du aldri kva som møter deg. Du må køyre ekstremt forsiktig. Det kan komme ein i full fart, seier Kalvøy. Vegen er like smal som bussen og det er 80-sone.

Bussjåfør Per Ove Kalvøy

Bussjåfør Per Ove Kalvøy må køyre svært forsiktig fordi vegane er så smale ut uoversiktlege.

Foto: Remi Sagen / NRK

Bussjåføren har hatt ei uhøgtidleg teljing. Før bompengane kunne han møte 10 bilar på det meste i løpet av bussturen på morgonen, no møter han 20- 25 bilar.

– Det er dumt for barna som bur der at det skal vere så stor trafikk, seier Kalvøy.

Erik Foss

Erik Foss har hytte i Utvikbygda. Han meiner det må settast opp bomstasjon her også, for å unngå at folk vel den kronglete vegen for å spare pengar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Kan kome bomstasjon

Tore Johan Øvstebø, leiar for styringsgruppa for bypakken, seier at dei fylgjer med på trafikkutviklinga og at det kan kome ein bomstasjon på strekninga dersom tala held seg oppe og aukar.

– Det er ein prosess å få sett opp ein bom. Det er ikkje noko vi kan gjere over natta, seier Øvstebø.

Hytteeigar Erik Foss er også uroa over trafikkauken og han meiner ein bomstasjon er løysinga.

– Då køyrer folk hovudvegen i staden. Denne vegen her bør ikkje brukast berre for å sleppe å betale bompengar, seier Foss.

Småbarnsfar Flø håper heller at tilreisande snart kan innsjå at vegen rundt Utvikbygda er ein omveg og ikkje er ein måte å spare pengar på.

– Eg trur folk vil finne ut at dei heller kan betale 20 kroner, seier Flø.

Kart over Utvikbygda

Den blå linja er vegen gjennom Utvikbygda som er gratis. Den grøne linja er hovudvegen E 39 gjennom Brusdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL