Hopp til innhold

Bompengane går rett til vêrs – i dag startar innkrevjinga i Ålesund

Bompengebelastninga i Noreg aukar mange gongar meir ein prisauken elles. Frå i dag vil også folk som køyrer til Ålesund kjenne det på lommeboka. NAF ber politikarane bremse.

Bomringen rundt Ålesund

Dei som køyrer bil i Ålesund får ein ny kvardag med 13 bomstasjonar.

Foto: Remi Sagen / NRK

I morgonrushet i Ålesund er Roar Pedersen på veg til jobb. I alle år har det vore gratis å køyre inn til sentrum, men no er det slutt. Ålesund har fått ein bypakke, og bilistane må vere med å betale prisen.

– Det er veldig trist. Dette er ein gråvêrsdag på alle måtar. Dette har vi kjempa i mot, men no skjer det, seier Pedersen som har engasjert seg i kampen mot bompengane.

Roar Pedersen

Frå i dag må Roar Pedersen betale bompengar når han køyrer til og frå jobb.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Prisen på jobbreisa er firedobla

Ifølgje Transportøkonomisk institutt har den samla bompengebelastninga i Noreg auka kraftig.

Det har blitt mange fleire bomstasjonar, og dermed må mange fleire betale, seier forskingsleiar Askill Harkjerr Halse. Hushaldningar der bompengar er ei utgift har auka frå 28 til 44 prosent frå 2005 til 2019.

For ein som dagleg køyrer bil til og frå jobb i storbyområda Oslo, Bergen, Trondheim og Stavanger er bompengeutgiftene firedobla sidan 2005 til 2019. Det er mange gongar meir enn prisauken elles i samfunnet.

Det synest eg ikkje noko om i det hele tatt, seier Olle Johnny Alkvist som dagleg køyrer bil i Osloområdet. Han bruker rundt 1500 kroner i bompengar i månaden.

Olle Johnny Alkvist

Olle Johnny Alkvist smiler til fotografen, men er ikkje nøgd med at bompengane aukar.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Ein ny rapport frå TØI viser at bompengane på jobbreisa har auka frå rundt 4,50 kroner til 20 kroner dei siste 14 åra.

– Ein meir attraktiv by

Både fleirtalet av politikarane i Ålesund, fylkespolitikarane i Møre og Romsdal og politikarane på Stortinget bestemte at Ålesund skulle få ein bypakke.

For ei bompassering må du ut med 20,80 kroner dersom du har Autopass-avtale. I den neste timen er alle andre bompasseringar gratis. Elbilar og hydrogenbilar betaler halv pris.

Lokalpolitikaren Tore Johan Øvstebø (KrF) meiner at bypakken gjer Ålesund til ein meir attraktiv by.

Tore Johan Øvstebø, Ålesund Kristeleg folkeparti

Tore Johan Øvstebø (KrF) meiner at folk som bur i Ålesund, får mykje igjen for pengane.

Foto: ØYVIND SANDNES / NRK

– Eg meiner at dette er ein god dag. Dette er viktig for byutviklinga i Ålesund. Ein kan kanskje seie at bompengar ikkje er noko attraktivt. Men det vi får igjen for bompengane, vil gjere Ålesund til ein meir attraktiv by.

Ber om ei ny vurdering

I september i år og i 2024 er det varsla kraftig prisauke i bomringen i Oslo. 15 nye bomprosjekt i andre delar av landet er vedtekne, men hadde i juni ennå ikkje begynt innkrevjinga.

No ber Norges Automobil-Forbund (NAF) politikarane vurdere heile bompengepolitikken på nytt.

Vi meiner at bremsa må på i bompengeprosjekta og at det ikkje skal innførast nye prosjekt med bompengar. Det er ein enkel måte for politikarane å få ned avgiftstrykket for folk, seier Ingunn Handagard, pressesjef i NAF.

Ingunn Handagard, NAF

– Bompengar rammer dei som har lite frå før hardast, seier Ingunn Handagard i NAF.

Foto: NRK Kjartan Rørslett

Meiner småbarnsfamiliane får svi

Motstanden mot å innføre bompengar har vore stor og langvarig i Ålesund. Geir Stenseth (Frp) har kjempa mot bompengane så lenge han har vore politikar. Ho trur dette vil svi økonomisk for fleire.

– Dette vil første og fremst ramme småbarnsfamiliane som får ein kraftig auke i kostnadane. Sjå kva situasjon vi har hamna i no. Vi har den høgaste prisauken på 30 år, og så får vi dette her i tillegg.

Geir Stenseth

Geir Stenseth (Frp) meiner det er ein dårleg dag for dei som bur i Ålesund.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Rammar usosialt

NAF meiner at brukarane betaler ein uforholdsmessig stor del av utgiftene, og at staten burde ta ein større del av rekninga.

Når vi ser kor usosiale bompengane er, er det viktig at vi har ein diskusjon om korleis dette systemet verkar, seier Handagard og viser mellom anna til elbilfordelane.

Ein med høg inntekt betaler ein mindre del av inntekta si for å køyre gjennom bommen enn ein med låg inntekt. Ifølgje Transportøkonomisk institutt har dette i praksis særleg hjelpt dei med middels eller høgare inntekt.

Elbil har vore for folk med middels eller høg inntekt. Dei har da tilpassa seg slik at dei i større grad slepp unna auka i bompengar. I framtida vil dette gradvis endre seg fordi ein truleg vil fase ut elbilfordelane. I tillegg blir fleire brukte elbilar tilgjengeleg for dei med lågare inntekt, seier prosjektleiar Halse.

Bomringen i Ålesund

Trafikken gjekk tilsynelatande som normalt under morgonrushet i Ålesund sjølv om innkrevjinga av bompengar er i gong.

Foto: Remi Sagen / NRK