Hopp til innhold

Fylkesmannen går inn for omfattande grensejusteringar

Fylkesmannen går inn for at fleire øyar og bygder skal flyttast til det som no er nabokommunar. Arbeidet med grensejusteringane har vore svært krevjande, sa fylkesmann Lodve Solholm under pressekonferansen fredag.

Pressekonferanse med fylkesmann Lodve Solholm

Fylkesmann Lodve Solholm heldt pressekonferanse i dag fredag klokka 12.00. er legg han fram si innstilling om grensejusteringar i Møre og Romsdal.

Fylkesmann Lodve Solholm la fredag fram innstillinga si til grensejusteringar mellom fleire kommunar i Møre og Romsdal.

– Arbeidet med grensejusteringa har vore mykje vanskelegare enn arbeidet med kommunereforma. Vi har gått inn i små forhold der bygd har stått mot bygd og nabo har stått mot nabo. Kommunar har stått mot kvarandre og det har vore eit stort engasjement. Vi har prøvt å gjere eit grundig arbeid i vurderingane våre, både med omsyn til søkjarane og dei kommunane det gjeld, sa fylkesmann Lodve Solholm då han opna pressekonferansen.

Fylkesmannen og stab

Fylkesmann Lodve Solholm saman med resten av delegasjonen frå fylkesmannen sitt kontor.

Foto: HAAVARD JANGAARD STRAND / NRK

Dette er i hovudtrekk innstillinga frå fylkesmannen:

  • Sandøy, Ona, Husøya, Lyngvær, Flatflæsa og Orta får flytte til Aukra kommune.

  • Liabygda blir ikkje flytta over til nye Fjord kommune.

  • Norddal og Eidsdal blir flytta over til Stranda.

  • Indre Gjemnes får flytte over til nye Molde kommune.

  • Bjørke og Viddal blir flytta til nye Volda kommune.

Framlegga blir sende vidare til Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Arne Sandnes

Ordførar i Norddal, Arne Sandnes var ein av ordførarane som blei svært skuffa over forslaga frå fylkesmann Lodve Solholm.

Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK

Bakgrunn

Den store kommunereforma gjer at dei 36 kommunane i Møre og Romsdal skal bli færre. Kampen om kommunegrensene har vekt sterke kjensler og steile frontar, men dåverande kommunalminister Jan Tore Sanner (H) seier at i 2020 vil éin av tre nordmenn bu i ein ny kommune, og at dette berre er byrjinga.

Medan somme har blitt tvangssamanslått, har mange kommunar funne saman av seg sjølve. Det har ikkje dermed betydd at alle bygdene i kommunen har vore einige, og nokre av desse har søkt seg ut av kommunen.

– Grensejusteringane skal gjennomførast på same tid som kommunesamanslåingane etter at Kommunal- og moderniseringsdepartementet har fatta det endelege vedtaket. Det vil seie 1. januar 2020. I departementet skal desse sakene vere avgjorde før sommaren, og partane blir kalla inn til møte med departementet, sa Solholm.

Les også:

Norddal, Eidsdal og Liabygda

Ordføraren i Norddal, Arne Sandnes (Sp) bygdemøte Eidsdal 120116

Etter fleire folkemøte bestemte innbyggjarane i Norddal og Eidsdal seg for å forlate ordførar Arne Sandnes (Sp) og Norddal kommune til fordel for Stranda kommune.

Foto: Silje Bjerknes / NRK
Norddal

Norddal ligg på andre sida av fjorden av kommunesenteret Valldal, og vil heller til Stranda kommune saman med Eidsdal.

Under pressekonferansen offentleggjorde Lodve Solholm at han går inn for at Norddal og Eidsdal får flytte over til Stranda.

– Dette har vore ei vanskeleg sak. Kommunen har gått sterkt imot ei grensejustering. innbyggjarhøyringa gjev klart svar om at innbyggjarane ønskjer ei grensejustering. Solholm konkluderte likevel med at Norddal og Eidsdal får flytte over til Stranda.

Norddal og Eidsdal på indre Sunnmøre er to av bygdene i Møre og Romsdal der innbyggjarane har søkt seg over til nabokommunen. Bygdene er skilt frå kommunesenteret Valldal med ein fjord, men etter tre folkerøystingar gjekk fleirtalet av dei 480 innbyggjarane inn for å skifte kommune frå Norddal til Stranda.

Norddal kommune har bestemt seg for å opprette nye Fjord kommune saman med Stordal, men i bygdene Norddal og Eidsdal har det vore misnøye og planane om grensejustering tok form då kommunereforma blei sett i gang.

Fylkesmannen gjekk i mot at Liabygda skal flyttast frå Stranda til den nye Fjord kommune.

– Stranda vil behalde Liabygda. Også innbyggjarhøyringa viser at dei som bur i Liabygda vil vere i Stranda kommune. Aller helst ønskjer dei seg ein større kommune der Stranda og nye Fjord er inkludert, sa Lodve Solholm som dermed konkluderte med at Liabygda ikkje skal flyttast over til nye Fjord kommune.

Eidsdal Norddal Liabygda

Indre Gjemnes

Angvik gamle handelssted

Angvika kan bli ein del av nye Molde kommune om grendelaget får det som dei vil.

Foto: Arnold Grøvdal
Knut Sjømæling

Knut Sjømæling (Sp) får ein endå mindre kommune å styre dersom bygdene i indre Gjemnes vil ut av kommunen.

Foto: Roar Strøm / NRK

For enkelte kommunar kan det få store konsekvensar om bygder får skifte kommune. Gjemnes kommune er ein av dei. Gjemnes ville nemleg halde fram som eiga kommune etter at Molde, Nesset og Midsund blei einige om å slå seg saman, men frå den indre delen av Gjemnes kom det søknad om overflytting til Molde. Grendelaget i Angvika stod bak og søkte også på vegner av Flemma, Osmarka og Fagerlia.

Kommunestyret i Gjemnes vedtok, med 13 mot 4 røyster, i midten av mars å avslå søknaden. Om det er Angvika grendelag som får klarsignal frå Fylkesmannen, vil nærare éin tredel av Gjemnes forsvinne ut av kommunen, ifølgje ordførar Knut Sjømæling (Sp).

– Dersom vi blir delt, så blir det krevjande for oss. Det er utfordrande nok i dag som ein liten kommune, sa han til NRK i haust.

Under pressekonferansen fredag omtalte fylkesmann Lodve Solholm Indre Gjemnes og Norddal og Eidsdal som dei vanskelegaste tema under grensejusteringane.

– Når det gjeld Indre Gjemnes har det vore ein omfattande offentleg debatt. Kommunestyret i Gjemnes går sterkt imot ei grensejustering. Dei meiner at resten av Gjemnes ikkje vil greie seg om dei misser Indre Gjemnes. Fylkesmannen er klar over kommunestyret sitt syn, men har vurdert dette opp mot argumenta i søknaden og innbyggjarhøyringa, sa Lodve Solholm. Han konkluderte dermed med at Indre Gjemnes skal kunne flyttast til nye Molde kommune.

Gjemnes

Ona, Orta og Sandøy

Ona, Sandøy

Turistmålet Ona vil ikkje til Sunnmøre, men bli verande i Romsdal.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Under pressekonferansen kom det fram at l Ona, Sandøya og Orta får flytte over til Aukra kommune.

Sandøy kommune går inn i nye Ålesund kommune, saman med Haram, Skodje og Ørskog, men i over to år har dei 60 innbyggjarane på dei tre øyane kjempa for å bli verande i Romsdal, ved å gå over til Aukra.

– Fellesnemnda for nye Ålesund kommune ville gjerne ha med seg heile Sandøy inn i den nye kommunen. I vår vurdering har vi lagt stor vekt på at innhaldet i søknaden som viser eit sterkt ønskje om tilknytning til Aukra og romsdalsregionen. Søkjarane føler sterk tilhøyring og identitet til romsdalsregionen og dei definerer dette som sin kvardagsregion, sa Solholm.

Grensejusteringar

Bjørke og Viddal

Bjørke sentrum sett frå motsett side frå

VOLDA ELLER ØRSTA: Bygda Bjørke i Hjørundfjorden på Sunnmøre ligg i dag i Ørsta, men kan bli Volda frå 2020.

Foto: Arne Flatin / NRK

Under pressekonferansen kom det fram at fylkesmannen går inn for å flytte Bjørke og Viddal over til nye Volda kommune.

– Ørsta kommune går sterkt imot dette. Kommunen viser til at dei kjem til å misse kraftinntekter. Kultur, turisme og beredskap tilseier at bygdene langs Hjørungfjorden bør vere samla i éin kommune, etter Ørsta kommune sitt syn, sa fylkesmannen.

Han sa også at fylkesmannen har lagt lita vekt på innbyggjarhøyringa, då det er få deltakarar og der ei røyst i den eine eller andre retninga vil gje store utslag.

– Vi har teke utgangspunkt i ein godt grunngjeven søknad. Den nye Kvivsvegen gjer at innbyggjarane på Bjørke og Viddal kan nytte kommunale tenester i nye Volda kommune i større grad enn før. Dei blir i større grad enn før integrert med Volda. Ei grensejustering gjer at innbyggjarane får røysterrett og høve til å påverke i den kommunen der dei nyttar dei kommunale tenestene, sa Lodve Solholm under pressekonferansen.

Ørsta er éin av kommunane der det har vore steile frontar. Frå bygdene Bjørke og Viddal har det kome søknad om overflytting frå Ørsta til nye Volda kommune etter at Volda og Hornindal har valt å slå seg saman.

Dei som bur her må køyre gjennom Volda for å kome til kommunesenteret i Ørsta. Likevel er meiningane i bygdene delte. Dei som ikkje vil flytte, argumenterer med at Ørsta har vore ein god kommune.

– Det har vore veldig mange verbale smellar i bygda, sa leiaren i grendelaget på Bjørke, Svein Homberset Skjåstad då NRK møtte han på nyåret.

Kraftpengar gjer at bygda Bjørke er svært attraktiv både for Volda og Ørsta og økonomi kan bli avgjerande i grensejusteringane som går det føre seg over heile landet.

Bjørke - Ørsta/Volda

Siste ord er ikkje sagt

Det er likevel ingen automatikk i at tilrådingane frå fylkesmannen blir følgd av departementet. Det er fleire eksempel på at fylkesmannen er blitt overprøvd, sist i tvisten mellom Hornindal og Stryn (Kjøs), der departementet kom til ein annan konklusjon enn fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL