Innbyggjarane skal bli høyrde om nye kommunegrenser

ØRSTA, KANSKJE SNART VOLDA (NRK): Folk får snart sagt si meining om kvar dei vil bu. Over heile landet er det intens kamp om dei nye kommunegrensene. No blir dei mest ueinige ringt opp.

Bjørke sentrum sett frå motsett side frå

VOLDA ELLER ØRSTA: Bygda Bjørke i Hjørundfjorden på Sunnmøre ligg i dag i Ørsta, men kan bli Volda frå 2020.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Det er steile frontar. Det visste vi. Difor har grendelaget forsøkt å vere i midten og unngå at det blir personlege konfliktar, seier Svein Homberset Skjåstad som er leiar i grendelaget på Bjørke.

Svein Homberset Skjåstad

NØYTRAL: Leiaren i grendelaget på Bjørke, Svein Homberset Skjåstad.

Foto: Arne Flatin / NRK

Kommunegrenser handlar om identitet, og vekker sterke kjensler. Enkelte vil veldig gjerne bli ein del av Volda, mens andre vil vere i Ørsta, som i dag.

Skjåstad vedgår at det er tøft no når kampen går føre seg, og dei har ikkje klart å unngå konfliktane heilt.

– Vi klarte det ei stund, men etter at søknaden om grensejustering vart sendt inn, har det vore veldig mange verbale smellar i bygda, forklarer han.

Stemninga blei ikkje betre då forkjemparane for flytting til Volda, sende inn søknad om grensejustering, berre to dagar før eit planlagt folkemøte i haust.

Laster kart, vennligst vent...

SPLITTA: I Bjørke er innbyggjarane ueinige om kva kommune dei vil høyre til. Slik er det fleire plassar i landet. Derfor vil kommunalministeren høyre folk sine meiningar.

No har kommunalminister Jan Tore Sanner og hans departementet bedt om å få høyre kva folk meiner.

Eit analysebyrå skal samle inn meiningar om nye grenser, før 13 kommunesamanslåingar.

– Viktig å høyre på folket

Analysebyrået Opinion gjennomfører ringerundene etter at Kommunal- og moderingseringsdeptartementet bad fylkesmennene greie ut oppimot 20 grenser over heile landet.

Departementet har lagt vekt på at innbyggjarane skal få lov til å uttale seg, før dei bestemmer seg til våren.

Tussa-stasjonen på Bjørke

KRAFT: Kraftpengar gjer at bygda Bjørke er svært attraktiv både for Volda og Ørsta. Økonomi kan bli avgjerande i grensejusteringane som går det føre seg over heile landet.

Foto: Arne Flatin / NRK

Geir Vinsand er analytikar i NIVI analyse og har lang erfaring frå analyse og rådgjeving i kommunesektoren.

Han meiner at det er viktig å høyre på det innbyggjarane seier i slike saker.

– Det meiner både eg og dei fleste som har vurdert grensejusteringssaker på nasjonalt nivå.

– Det er innbyggjarane sine ønskje som skal vere avgjerande, med mindre det påverkar kommunestrukturen eller kommuneøkonomien på ein avgjerande måte, seier han.

Mykje engasjement i bygda

Cecilie Rørstad

VIL HA ENDRING: Cecilie Rørstad vil at Bjørke skal bli ein del av Volda kommune. Ho meiner at det som kjenneteiknar Bjørke er engasjement, og ho vil kjempe for å bu i nabokommunen.

Foto: Arne Flatin / NRK

Den aktive og engasjerte gardbrukaren Cecilie Rørstad er ikkje i tvil om kvar ho vil bu. I nabokommunen Volda, og ikkje i Ørsta, som i dag.

– Det som kjenneteiknar Bjørke er at vi alltid har vore engasjerte. Skal vi få til noko her inne må vi kjempe, seier ho.

Ho er veldig fornøgd med at innbyggjarane no får seie si meining.

– Vi må vere flinke til å skilje mellom sak og person, men samtidig må vi ta vare på engasjementet som er i bygda.

Les også: