Ona, Orten, Sandøy til Aukra

Etter det NRK erfarer kjem fylkesmannen til å seie ja til at Ona, Sandøya og Orten får gå inn i Aukra kommune.Det er i strid med det fleirtalet i Sandøy kommune gjekk inn for. Det betyr at rundt 60 innbyggarar frå øyane mest truleg blir i Romsdal medan resten av kommunen går inn i Stor-Ålesund kommune. Når fylkesmannen har offentleggjort si innstilling er det Moderniserings- og kommunaldepartementet som avgjer saka. Ordføraren i Sandøy, Oddvar Myklebust (Ap) vil ikkje kommentere saka før han har fått tilrådinga frå Fylkesmannen.

Laster kart, vennligst vent...