Hopp til innhold

– Den svartaste dagen i min politiske karriere

Reaksjonane er sterke etter at fylkesmann Lodve Solholm i Møre og Romsdal la fram innstillinga si til justering av grensene mellom nokre av kommunane. Ein av dei som reagerer aller sterkast er ordføraren i Norddal, Arne Sandnes.

Arne Sandnes

Arne Sandnes har vore ordførar i Norddal i fleire periodar. Etter å ha vore ordførar og politisk aktiv i ei årrekkje omtalar han denne dagen som den svartaste i heile hans politiske karriere.

Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK

– Dette blir tungt. Det blir tungt. Ordførar i Norddal gjennom mange år, Arne Sandnes måtte konstatere at kommunen misser bygdene på sørsida av fjorden. Fylkesmannen går inn for at Eidsdal og Norddal skal gå over til Stranda kommune.

– Dette kom som ei sjokkmelding, held han fram. Dette hadde eg ikkje sett kome på førehand. Dette er den svartaste dagen i mi politiske karriere, sa Sandnes.

Omfattande grensejusteringar

Fylkesmannen i Møre og Romsdal la i dag fram forslag til grensejusteringar. Justeringane kjem som følgje av kommunereforma. Fleire kommunar skal slå seg saman i større einingar. Men enkelte bygdelag ønskjer å gå i andre retningar enn resten av kommunane.

Dette er forslaga frå fylkesmannen i Møre og Romsdal:

  • Sandøy, Ona, Husøya, Lyngvær, Flatflæsa og Orta får flytte til Aukra kommune.
  • Liabygda blir ikkje flytta over til nye Fjord kommune.
  • Norddal og Eidsdal blir flytta over til Stranda.
  • Indre Gjemnes får flytte over til nye Molde kommune.
  • Bjørke og Viddal blir flytta til nye Volda kommune.
Odd Arve Orten

Her får ein av dei som står bak søknaden om overflytting frå Sandøy til Aukra, Odd Arve Orten, vite at fylkesmannen støttar søknaden.

Foto: Haavard Jangaard Strand / NRK

– Arbeidet med grensejusteringa har vore mykje vanskelegare enn arbeidet med kommunereforma. Vi har gått inn i små forhold der bygd har stått mot bygd og nabo har stått mot nabo, sa fylkesmann Lodve Solholm då han opna pressekonferansen.

Eidsdal Norddal Liabygda

Motsetningar i Norddal kommune

Norddal og Eidsdal på indre Sunnmøre er to av bygdene i Møre og Romsdal der innbyggjarane har søkt seg over til nabokommunen. Bygdene er skilt frå kommunesenteret Valldal med ein fjord, men etter tre folkerøystingar gjekk fleirtalet av dei 480 innbyggjarane inn for å skifte kommune frå Norddal til Stranda.

– Kom som ei bombe

Norddal kommune har bestemt seg for å opprette nye Fjord kommune saman med Stordal, men i bygdene Norddal og Eidsdal har det vore misnøye og planane om grensejustering tok form då kommunereforma blei sett i gang. Fylkesmannen valde å høyre på innbyggjarane i Norddal og Eidsdal og ikkje på resten av kommunen.

– Dette kom som ei bombe. Eg hadde ikkje tenkt på at dette kunne vere mogleg. Vi hadde massive argument. No må vi få tenkje på det som har skjedd. Sjølv om 500 innbyggjarar no forsvinn over til nabokommunen Stranda er nye Fjord kommune liv laga, seier Sandnes.

Indre Gjemnes til Molde

I Gjemnes skjer også grensejusteringa i strid med det som er fleirtalet i kommunestyret. Når indre Gjemnes forlèt den opphavlege kommunen og går inn i Molde kommune er det fleire som stiller spørsmål om framtida til restkommunen.

– Resten av Gjemnes kommune blir no svært sårbar etter ei slik vurdering som fylkesmannen har lagt fram no. Ei slik grensejustering er i realiteten ei deling av kommunen, seier ordførar i Gjemnes, Knut Sjømæling.

Knut Sjømæling

Ordførar i Gjemnes, Knut Sjømæling er sterkt uroa over at fylkesmannen går inn for at indre Gjemnes skal få flytte til Molde.

Foto: Roar Strøm / NRK

Gjemnes kommune vil no gjennomføre ein diskusjon som skal vere retningsgjevande for vegen vidare. Denne saka kjem opp på eit snarleg møte i kommunestyret.

– Fornøgde

Men om kommuneleiinga er misnøgde er søkjarane svært nøgde med utfallet så langt. Terje Angvik i Angvik grendelag er blant dei som fekk ja på søknaden sin.

– Vi er svært godt fornøgde med innstillinga. Dette var det vi håpte på. Fylkesmannen har teke omsyn til at kvardagsregionen vår strekkjer seg mot Molde, seier Terje Angvik til NRK.

Gjemnes

– Sjokkerte

Også i Ørsta var kommunestyret sterkt imot at dei skulle misse Bjørke og Viddal til nye Volda kommune.

– Vi kunne frykte dette, men vi er sjokkerte over at det ikkje blir lagt vekt på fleirtalet og demokratiet i Noreg. 57 % av befolkninga uttalte at dei ville behalde tilknytinga til Ørsta kommune. Ørsta er no den einaste kommunen der det ikkje er lagt vekt på folkemeininga, seier ordførar i Ørsta, Stein Aam.

Ordførar Stein Aam seier at Ørsta no kjem til å ta kontakt med Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

– Vi forsøkjer å stå løpet ut. Dette var skuffande og sjokkerande, seier Aam.

Ola Perry Saure

Ola Perry Saure er frå Bjørke. Han er leiar i Ørsta Senterparti.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Brukt som brekkstong

Ola Perry Saure er leiar i Ørsta Senterparti og bur på Bjørke. Han er også lei seg og meiner fylkesmannen ikkje har høyrt på folket.

– Fylkesmannen brukar Bjørke og Viddal som ei brekkstong for å slå saman Volda og Ørsta kommune. Det er skammeleg rett og slett. Eg føler meg fullstendig overkøyrd. Det blir sterke reaksjonar i bygda etter dette. Vi vil kjempe for at vi framleis skal få halde til i Ørsta kommune, seier Saure.

Bjørke - Ørsta/Volda