Hopp til innhold

Misnøye får bygdefolket til å sjå mot nabokommunen

Tysdag kveld var politikarane og bygdefolket i Eidsdal og Norddal samla for å diskutere framtida til dei to bygdene i Norddal kommune.

Ordføraren i Norddal, Arne Sandnes (Sp) bygdemøte Eidsdal 120116

Ordføraren i Norddal, Arne Sandnes (Sp) talar til forsamlinga. I bakgrunnen ser ein ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad (Sp).

Foto: Silje Bjerknes / NRK

I dag høyrer bygdene Eidsdal og Norddal til Norddal kommune, men mange trur det kan vere ein fordel å vere ein del av turistmagneten Geiranger som ligg i Stranda kommune.

Merete Løvoll Rønneberg

Merete Løvoll Rønneberg var ein av initiativtakarane bak bygdemøtet tysdag kveld.

Foto: Silje Bjerknes / Nrk

Ei arbeidsgruppe har den siste tida jobba med å greie ut fordelane og ulempene ved å bryte ut av Norddal, og resultatet av denne rapporten vart presentert på bygdemøtet i Eidsdal tysdag kveld.

Tidlegare varaordførar i Norddal, Merete Løvoll Rønneberg, var ein av initiativtakarane til arrangementet.

– Vi føler mellom anna at det i lengre tid har vore ei skeivfordeling av gode og byrder i kommunen. Vi meiner at rapporten viser fleire fordelar ved eit tettare samarbeid med Stranda, seier ho.

Stort engasjement blant bygdefolket

Engasjementet var stort og meiningane mange blant dei rundt 100 som møtte opp på bygdemøte tysdag, og beskjeden til dei frammøtte politikarane var klar.

Torunn Ljøen, Øyvind Eide og Asbjørn Eide

Torunn Ljøen, Øyvind Eide og Asbjørn Eide var blant dei frammøtte på bygdemøtet.

Foto: Silje Bjerknes / NRK
Asbjørn Eide

Asbjørn Eide ønskjer eit tettare samarbeid med Geiranger og Stranda kommune.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Det beste hadde vore om Norddal kommune slo seg saman med Stranda. Men dersom fleirtalet i kommunen stemmer nei til dette, så synest eg at Norddal og Eidsdal bør gå ut av kommunen og slå seg saman med Stranda, seier Torunn Ljøen frå Norddal.

Ho fortel at misnøya blant bygdefolket i Norddal og Eidsdal er stor.

– Det meste blir lagt ned på sørsida, medan det blir satsa i sentrum. Det følast veldig urettferdig ut, seier Ljøen.

Ho får støtte av Øyvind Eide og Asbjørn Eide, begge frå Eidsdal. Alle tre vektlegg den nære relasjonen til Geiranger, og meiner det er viktig å satse vidare på dette samarbeidet.

– Eit samarbeid med Geiranger kan føre til ei sterkare satsing på næringsliv, reiseliv og turisme her i Norddal. Ei slik utvikling får vi best under den paraplyen som Geiranger har opparbeidd seg, seier Asbjørn Eide.

– Ikkje realistisk

Politikarar både frå Norddal og Stranda kommune stilte mannsterke på møtet i Eidsdal tysdag kveld. Ordføraren i Norddal, Arne Sandnes (Sp) var imponert over dei frammøtte og fortel at kommunen skal ta bygdefolket sine meiningar på alvor og vurdere tiltak.

– Eg ser at vi må få til ei balansert utvikling i kommunen innanfor dei ressursane vi sit på. Sørsida har fleire område, mellom anna landbruk og reiseliv, som vi i større grad kan satse på, seier Sandnes.

Ordføraren i Norddal, Arne Sandnes (Sp) og Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad (Sp)

Ordføraren i Norddal, Arne Sandnes (Sp) og ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad (Sp) er opne for eit nærare samarbeid mellom kommunane.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Ordføraren meiner det er lite realistisk med ei samanslåing mellom Norddal og Stranda på dette tidspunktet, men ser ikkje bort frå at det kan bli aktuelt i framtida.

– Slik som situasjonen er i dag ser eg fleire ulemper enn fordelar med ei slik samanslåing, seier Sandnes.

Han merkar seg likevel misnøya til innbyggarane i bygdene Norddal og Eidsdal, og meiner ei vidare satsing på samarbeid med Stranda, vil vere ei like god løysing som å slå seg saman.

– Det handlar om å skape arbeidsplassar lokalt, vere tilgjengeleg og ligge i nærleiken til dei som skal bruke tenestene, seier Sandnes.

Avviser ikkje tanken

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad (Sp), er meir positiv til ei samanslåing mellom dei to kommunane.

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad (Sp),

Ordførar i Stranda kommune, Jan Ove Tryggestad (Sp), er open for ei samanslåing med Norddal kommune.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Vi avviser ikkje ein slik tanke, snarare tvert imot, men vi er avhengig av at Norddal kommune deler denne interessa, seier han.

Tryggestad seier at Stranda i utgangspunktet er interessert i eit samarbeid med heile Norddal kommune, men at dei vil følgje situasjonen i kommunen nøye.

– Eg trur nøkkelen ligg i eit fellesskap på indre. Stranda skal vere klar til å gå inn i ein konstruktiv dialog dersom Norddal kjem til ei løysing. Denne prosessen stoppar aldri, så dersom vi ikkje får til noko i førsteomgang får vi kanskje til noko i andre omgang, seier han.

Sjå også:

Blant bygdefolket i Eidsdal og Norddal er det misnøye med korleis goda vert fordelte i Norddal kommune. Sterke røyster vil ha bygdene overflytta til Stranda kommune.