Hopp til innhold

Merete og bygda bad om å få skifte kommune

Merete Løvoll Rønneberg og bygdefolket vil ikkje høyre til Norddal kommune, men Stranda. Dei har søkt om at grensene skal bli justert. Det har 37 andre bygdesamfunn i landet også gjort.

Merete Løvoll Rønneberg

Merete Løvoll Rønneberg er leiar i arbeidsgruppa som vil justerene kommunegrensa mellom Norddal og Stranda.

Foto: Privat

På landsbasis har Kommunaldepartementet mottatt 37 søknader frå enkeltpersonar eller bygdelag som vil ut av eiga kommune og over til nabokommunen. Bygdefolket i Norddal og Eidsdal på Sunnmøre står bak ein av søknadene. Dei har hatt tre folkerøystingar om temaet og fleirtalet vil skifte kommune frå Norddal til Stranda.

– Det er ikkje nødvendigvis slik at dagens kommunegrenser er logiske. Du har kanskje gode samarbeid på tvers av kommunegrensene, seier Rønneberg. Ho er leiar i arbeidsgruppa som har søkt om grensejustering.

Misnøgde med fordelinga

Dei to bygdene Eidsdal og Norddal er skilt frå kommunesenteret Valldal med ein fjord. I årevis har mange av dei rundt 480 innbyggjarane vore misnøgde og følt ei skeivskap i fordeling av gode. Tanken om å bli ein del av nabokommunen Stranda er gamal, men då kommunereforma vart sett i gang, tok planane konkret form. Dei to bygdene ligg like i nærleiken av Geiranger, og Rønneberg trur ei grensejustering opnar for tettare samarbeid om reiseliv.

– Vi trur også at vi kan tilføre Geiranger noko. Våre bygder har eit sterkt landbruksmiljø, medan det er svakt i Geiranger. For verdsarvområdet er attgroing av kulturlandskap peika på som eit trugsmål, seier Rønneberg.

Dale i Norddal

Mange ynskjer at Norddal og Eidsdal heller skal bli ein del av Stranda kommune.

Foto: Else Ragni Yttredal

Ein person kan søke

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått fem grensejusteringssøknader på bordet.

– Det er nok at ein person tar initiativ. Då blir søknaden handsama, seier Rigmor Brøste, assisterande Fylkesmann i Møre og Romsdal. Dei involverte kommunane får kome med sine synspunkt, før Fylkesmannen kjem med ei innstilling.

Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som avgjer om grensejusteringa skal gjennomførast. Dei som får medhald, vert overført frå 1. januar 2020, samstundes som kommunesamanslåingane i heile landet vert gjennomført. Denne veka vedtok departementet at grensa mellom Re og Holmestrand i Vestfold skal justerast, etter iniativ frå innbyggjarane i Mulvika.

Rigmor Brøste

Rigmor Brøste er assisterande Fylkesmann i Møre og Romsdal.

Foto: Fylkesmannen

LES OGSÅ:

Ny folkerøysting

I september får Rønneberg og arbeidsgruppa svar på om Kommunaldepartementet meiner det er grunnlag for å arbeide vidare med grensejusteringa i Norddal og Eidsdal. Dersom dei får klarsignal, kjem initiativtakarane til å halde endå ei folkerøysting. Etter at søknaden vart sendt, bestemte Norddal kommune seg for å slå seg saman med nabokommunen Stordal. Ikkje Stranda, slik som dei to bygdene ville.

– Det har vore eit overveldande fleirtal for å gå til Stranda. Skal vi halde oppe søknaden om grensejustering, bør det framleis vere eit klart fleirtal, seier Rønneberg.

Søknadar om grensejusteringar i 2017

Fylke

Kommuner

Område

Akershus

Nesodden/Frogn

Blylaget

Akershus

Sørum/Nes

Rånåsfoss/Auli

Akershus

Oppegård/Ski, Ås

Tandbergløkka, Solberg/Nygård, Gjersjøen

Aust-Agder

Birkenes, Evje og Hornnes

Hovlandsdalen/Nygård Krets

Aust-Agder

Birkenes, Iveland

Vassgrenda

Buskerud

Hole, Bærum

Sollihøgda

Finnmark

Karasjok, Porsanger

Valjok

Finnmark

Karasjok, Tana

Levajok

Hordaland

Ullensvang, Granvin

Oksen

Møre og Romsdal

Sandøy, Aukra

Ona, Orten, Sandøy

Møre og Romsdal

Gjemnes, nye Molde

Angvik

Møre og Romsdal

Norddal, Stranda

Norddal, Eidsdal

Møre og Romsdal

Vanylven, Volda

Syvde, Rovde

Møre og Romsdal

Rauma, Vestnes

Vågstranda

Nordland

Tjeldsund, Harstad

Kongsvik krets

Nordland

Rødøy, Lurøy

Nordland

Brønnøy, Sømna

Trælnes krets

Nordland

Evenes, Skånland

Myrnes, Evensmark

Nord-Trøndelag

Nærøy, Fosnes

Lund

Nord-Trøndelag

Indre Fosen, Verran

Verrabotn

Oppland

Øystre Slidre, Vestre Slidre

Rogaland

Forsand, Strand

Nordsiden av Lysefjorden

Rogaland

Stavanger, Sandnes

En gårdseiendom

Rogaland

Stavanger, Sola

En gårdseiendom

Rogaland

Haugesund, Karmøy

Fastlandsdel av Karmøy

Rogaland

Finnøy, Hjelmeland

Ombo

Sogn og Fjordane

Balestrand, Høyanger

Nesse

Sogn og Fjordane

Vågsøy, Eid/Selje

Bryggja

Sogn og Fjordane

Stryn, Hornindal

Markane

Sør-Trøndelag

Rennebu, Oppdal

Havdal/Gisnås/Ulberg, Innset

Sør-Trøndelag

Roan, Osen

Bessaker

Telemark

Siljan, Kongsberg

Telemark

Sauherad, Notodden

Angard, Hjuksebø

Troms

Sortland, Kvæfjord

Gullesfjord

Vestfold

Re, Horten

Skoppum Vest, Haugan, Kopstad

Vestfold

Tønsberg, Horten

En gårdseiendom

Østfold

Eidsberg, Rakkestad

En gårdseiendom