Nominert i Sverige
Ane Brun er nominert til den svenske Grammis-pris for albumet "Rarities 2", i klassa for vise, singer-songwriter.
Den kom ut i fjor haust og er eit samlealbum med sjeldne opptak datert mellom 2007 og 2023.
Ane Brun fann dei gamle opptaka då ho førebudde fjorårets jubileumsturné, og ga ut plata både digitalt og fysisk.